Tilskot til regionale festivalar og kulturarrangement

Tilskot til regionale festivalar og kulturarrangement er delt mellom eittårig og treårige tildelingar. Tildeling av treårig tilskot blir gjort kvart tredje år, medan årlege tildelingar skjer etter søknad kvart år.

Skriv ut

Formål:

  • Gjere kunst og kultur av høg kvalitet tilgjengeleg for flest mogleg
  • Styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande og ny aktivitet
  • Stimulere til engasjement, mangfald og kvalitet i kunst- og kulturtilbodet i fylket
  • Fremme samhandling og kompetansedeling mellom aktørar, lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Stimulere nye former for formidling
  • Utvide kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet til barn og unge

Kva kan du søke tilskot til?

  • Festivalar og andre kulturarrangement på områda kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, samt idrett og fysisk aktivitet.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar offentleg tilskot frå kommune, og/eller stat vil bli prioritert.

Det vert ikkje gitt tilskot til:

  • Søknader frå festivalar eller kulturarrangement som er under avvikling eller er gjennomført.
  • Søknader frå festivalar og kulturarrangement som ikkje kan dokumentere ein regional funksjon.
  • Søknader frå kunst- og kulturorganisasjonar som mottar anna driftstilskot frå fylkeskommunen.
  • Kommersielle aktørar eller arrangement som fremmer eigne medlemmer eller eigarar sine økonomiske eller yrkesmessige interesser.

Søknadsfrist:

  • Søknadsfrist for treårig tildeling for perioden 2019–2021 var 1. juni 2018. Neste tildeling vil gjelde perioden 2022–2024. Søknadsfrist er 01.11.2021.
  • Søknadsfrist for tildeling av eittårige tilskot er 1. november kvart år.

Korleis søker du:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søkje støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under.

Andre vilkår for tilskot:

  • Festivalar og andre kulturarrangement skal vere offentleg tilgjengeleg, bli arrangert årleg, og vare i minst 3 dagar eller kunne dokumentere arrangement gjennom heile året.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må ha eksistert i minimum tre år og ha styre og vedtekter.
  • Festivalar og andre kulturarrangement som mottar treårig tilskot, må vise til ein kommunal deltaking på minimum same nivå som det fylkeskommunale tilskotet.