Friluftslivets ferdselsårer – stimuleringsmidlar for 2021

Friluftslivets ferdselsårer er eit fleirårig prosjekt som er satt i gang av Klima- og miljødepartementet (KLD). Prosjektet starta i 2019. Prosjektet skal fremme planlegging, kartfesting, opparbeiding, og skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv.

Skriv ut

Arbeidet med prosjektet består av tre fasar:

  1. Kommunen melder inn status til Kartverket sin database for turruter
  2. Kommunen utarbeider plan for friluftslivets ferdselsårer
  3. Kommunen og samarbeidspartar realiserer planlagde tiltak.

Kven kan søke?

Kommunar

Kva kan du søke tilskot til?

Kommunen kan søke økonomisk støtte for å gjennomføre fase 1 og 2:

  • Fase 1: Kommunen kan søke om 20 000 kroner til støtte for gjennomføring av kartfesting av rutenettet
  • Fase 2: Kommunen kan søke om 30 000 kroner til arbeidet med plan for friluftslivets ferdselsårer

Det er i tillegg satt av ressursar i kvart av de to friluftsråda i fylket som kan bidra inn i arbeidet. Desse kan hjelpe med:

  • rådgjeving for korleis arbeidet kan gjennomførast etter rettleiaren og tilpassing til kommunen sine behov
  • koordinering av møter
  • bistand med bruk av kartverktøy
  • arrangere regionale eller lokale samlingar for kunnskapsdeling eller involvering, anna prosjektstøtte m.m.

Når planen er utarbeida, kan spelemidlar, tilskot til statleg sikring av friluftslivsområder (post 30) og tilskot til tiltak i statleg sikra friluftslivsområder (post 78) være aktuelle kjelder til finansiering av fase 3.

Kommunar som følger ein plan for friluftslivets ferdselsårer, vil bli prioritert i fordelinga av tilskot til friluftslivsanlegg.

Arbeidet skal skje i tråd med Miljødirektoratet sin rettleiar, Plan for friluftslivets ferdselsårer.

Satsinga er forankra i Nasjonal handlingsplan for friluftsliv (2018) og Stortingsmelding 2018 (2015-2016) Friluftsliv – Natur som kilde til helse og livskvalitet (alle lenker opnast i ny fane).

Søknadsfrist:

1. september 2021

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 15. juni, i god tid før søknadsfristen 1. september. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må i tillegg innehalde:

  • Enkel plan for framdrift
  • Vedtak om oppstart. Eventuelt opplysningar om kor tid ei politisk sak om dette blir lagt frem i kommunen
  • Kart med markering av kva for område plana skal dekke

Dette kan leggast inn som vedlegg i søknaden.

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist. Målsetninga er likevel ei raskare saksbehandling.

Kontakt