Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Fylkeskommunen deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Ordninga skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemidelordninga.

Skriv ut

Kven kan søke?

Søkarar kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, samvirkeføretak, stiftingar eller andre samanslutningar. Anlegget må som hovudregel vere del av ein kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet.

Kva kan du søke tilskot til?

Du kan søke om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg aktivitet og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

  • For ordinære anlegg og rehabilitering – minimumskostnad 150 000 kroner
  • For nærmiljøanlegg – minimumskostnad 50 000 kroner

Søknadsfrist:

Alle kommunar har eigne søknadsfristar, så hugs å sjekke søknadsfrist for din kommune. Fylkeskommunen må ha motteke søknaden frå kommunen innan 15. januar.

Korleis søker du støtte:

Støtteordninga opnar for nye søknadar i midten av juni. Når ordninga er open kan du søke støtte via Anleggsregisteret.no, sjå lenke under. Her har kommunane høve til å følge med på saksbehandlinga.

Tildeling av spelemidlar blir vedtatt i kultur-, næring- og folkehelseutvalet i juni kvart år.

Søknaden må innehalde:

  • Målsette teikningar
  • Kostnadsoverslag for prosjektet
  • Dokumentasjon av verdi på eventuell dugnad
  • Dokumentasjon på finansieringa av prosjektet
  • Eventuell dokumentasjon av større prosjektkostnadar
  • Dokumentasjon på at søkjar kan nytte grunnen der det skal byggast/rehabiliterast anlegg

Vilkår for tilskot:

Sjå fullstendige vilkår i PDF-en «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet» (lenke opnast i ny fane) eller i lenka nedst på sida.

Ved innsending av søknad om spelemidlar samtykkar søkjar om at de har gjort seg kjent med gjeldande vilkår og retningsliner.

Kontakt