Statleg sikra friluftsområde

Tilskot til ulike praktiske tiltak i viktige friluftsområde som er statleg sikra. Tilskota skal gå til naturvenleg tilrettelegging og skjøtsel for å gjere områda lett tilgjengelege og attraktive for friluftsliv.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å bidra til å fremje friluftsaktivitet i statleg sikra friluftslivsområde og i område som er verna som friluftslivsområde etter markaloven.

Kven kan søke?

Søkarar kan vere kommunar og interkommunale friluftsråd, men ein frivillig organisasjon kan ta hand om den daglege drifta.

Kva kan du søke tilskot til?

Opparbeiding av området, tilrettelegging og skjøtsel. For eksempel informasjonstavler, opparbeiding av åtkomsten, parkeringsplass og turvegar eller turstiar, fiskeplassar, tiltak for å auke tilgjengelegheit for personar med nedsett funksjonsevne, badeplassar, brygger, toalett og søppelstativ, tilplanting og skjøtsel samt formidling av kulturminne.

Søknadsfrist

1. februar

Korleis søker du støtte?

Når ordninga er open kan du søke støtte via Miljødirektoratet, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Kontakt