Tilskot til skjøtsel, skilting, merking og mindre friluftstiltak

Ordninga gjeld for skilting, skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne, kulturmiljø, kulturlandskap, grøntområde og friluftslivsområde i Møre og Romsdal.

Skriv ut

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Ramma er på 500 000 kroner. 

Søknadsfrist

15. mars

Medverke til formidling, skjøtsel og tilrettelegging for kulturminne og friluftsliv

Privatpersonar, stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar.

Tiltak som kombinerer tilrettelegging for friluftsliv og formidling av kulturarv vil bli prioritert

Når kulturarv er ein del av søknaden, blir tiltaket prioritert dersom kulturminne

  • er freda etter lov om kulturminne
  • står i lista over kulturminne i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturmiljøplanar/kulturminneplaner
  • er regulert til bevaring/omsynssone i medhald av plan- og bygningsloven

I friluftslivsområde der kulturminne ikkje er ein del av tiltaket prioriterer vi slik:

  • Tiltak i nærleiken av der folk bur og/eller oppheld seg
  • Område som er kartlagt og verdsett etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013.
  • Prosjekt som inngår i ein heilskapleg plan eller strategi, til dømes plan for friluftslivets ferdselsårer

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. februar. Når ordninga er open kan du søke støtte via regionalforvaltning.no

Søknaden skal sendes elektronisk via Regionalforvaltning og innehalde:

  • skildring av tiltaket med foto av staden kor tiltaket skal gjennomførast
  • kartfesting av tiltaket
  • dokumentasjon på at tiltaket er avklara med kommune og grunneigar
  • budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnads- og finansieringsplan)
  • framdriftsplan (tidsplan for tiltaket)

Der kulturminne inngår i tiltaket er det i tillegg krav om tilstandsvurdering av kulturminnet.

Saksbehandlingstid er inntil fire veker, frå første kvardag etter søknadsfrist.

  • Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal normalt ikkje overstige 50 prosent. Dugnadsinnsats kan leggast inn som ein del av finansieringa med ein timesats på 300 kroner.
  • Tiltak der kulturminne/kulturmiljø inngår skal ikkje startast opp utan å vere avklart med seksjon for kulturarv i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette for å sikre at tiltaka blir gjennomført på ein fagleg forsvarleg måte.
  • Tilskotet kan berre dekke materialkostnader og betalt arbeid til enkle tiltak. Eksempel  på dette er tilrettelegging eller istandsetting, klopping, dekking med duk, legging av grus, skilting og liknande. Kostnadar knytt til innkjøp av verktøy og driftsmateriell blir ikkje dekt. Større friluftslivstiltak som kan få tilskot frå spillemiddelordninga blir ikkje prioritert.
  • På informasjonstavler skal alltid logo for Møre og Romsdal fylkeskommune vere med. Ved skilting skal de ta omsyn til «Skiltmal for Møre og Romsdal fylkeskommune» og «Skiltmanual 2019». Denne finn du på Merkehandboka (lenke opnast i ny fane).
  • Kulturminne, tursti, gapahukar e.l. som er ein del av tiltaket skal registrerast i Morotur (lenke opnast i ny fane).
  • De skal så langt som råd legge til rette for universell utforming.

Søker må avklare med kommunen om tiltaket krev handsaming etter plan- og bygningsloven.

Fylkeskommunen kan kontrollere at vilkåra er oppfylt

Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heimla i bevilgningsreglementet § 10.

Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt
  • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning kan vi trekke tildelinga tilbake.
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel.
Rapport og rekneskap
  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. For tildelingar under 200 000 kroner skal sluttrekneskapen vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen.
  • For tildelingar på 200 000 kroner eller meir er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som bruker kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket (jf. LOV-1967-02-10).

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande.

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dokumenter

Kontakt