Tilskot til større idrettsarrangement

Denne tilskotsordninga er retta mot dei som planlegg å arrangere ein nasjonal eller internasjonal idrettsmeisterskap, eller cup/stemne på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Dette kan vere NM eller norgescup på nasjonalt nivå, eller EM, VM eller tilsvarande på internasjonalt nivå.

Skriv ut

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Ramma er på 200 000 kroner.

Søknadsfrist

1. november. Det kan berre søkast om tilskot til arrangement påfølgande år. 

Bidra til at større idrettsarrangement blir arrangert i fylket.  

Tilskota skal gå til meisterskap eller cup på nasjonalt eller internasjonalt nivå.

  • Idrettsorganisasjonar som arrangerer meisterskap eller cup på nasjonalt eller internasjonalt nivå
  • Ikkje-kommersielle, økonomisk ansvarlege arrangørar i Møre og Romsdal
  • Medlemsorganisasjonar i Norges idrettsforbund vil bli prioritert i ordninga.​​​​​​
  • Å dekke kostnadar til å gjennomføre arrangement innan idrett på nasjonalt eller internasjonalt nivå
  • Nødvendig arrangementsteknisk utstyr kan inngå i søknaden. Anleggs- og utstyrstilpassing som er nødvendig for tildeling av arrangement kan leggast inn i kostnadene.

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober kvart år, i god tid før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din  du bruke søknadsskjema i Regionalforvaltning.

Søknaden skal sendes elektronisk via Regionalforvaltning og innehalde:

  • Namn på arrangør og arrangement, organisasjonsnummer og arrangøren sin kontaktperson
  • Stad og dato for arrangementet (inkludert lokale/anlegg og kommune)
  • Oversikt over medverkande lag, organisasjonar og andre frivillige
  • Konkret beskriving av arrangementet, innhald, plan for gjennomføring, målgruppe, forventa deltakarar og samarbeidspartar
  • Beskrive medie- og marknadsføringsplanar for arrangementet, og korleis ei støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune vil bli tydeleggjort
  • Kostnads- og finansieringsplan for arrangementet.  Dugnaden skal være så spesifisert som mogleg i form av kva som blir gjort på frivillig basis. De kan legge inn dugnadsinnsats som ein del av finansieringa med ein timesats på maks 300 kroner.

Saksbehandlingstid er inntil fire veker, frå første kvardag etter søknadsfrist.

  • Tildeling kan maksimalt utgjere 50 prosent av det totale driftsbudsjettet. Dersom rapport viser at den reviderte rekneskapen er lågare enn budsjettert, kan tilskot bli avkorta.
  • Søkarar som får kompensasjon for meirverdi (mva.), skal oppgi beløp eksklusiv i søknaden. Dersom dette ikkje blir gjort skal det som eventuelt er utbetalt for mykje (tilsvarande kompensasjonen) betalast tilbake.
Fylkeskommunen kan kontrollere at vilkåra er oppfylt

Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heimla i bevilgningsreglementet § 10.

Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt
  • Tildelinga gjeld det som  står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake. 
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel.
Rapport og rekneskap
  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. For tildelingar under     200 000 kroner skal sluttrekneskapen vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen. 
  • For tildelingar på 200 000 kroner eller meir er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som bruker kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket (jf. LOV-1967-02-10). 

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande. 

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Dokumenter

Kontakt