Vi gjer oppmerksom på at søknadsportalen skil mellom støtteordningane for tilskot til kulturminne i verdsarvområdet Geirangerfjord-Herdalen og tilskot til kulturminne med regional og høg lokal verdi elles i fylket. Ver nøye med å velje rett ordning.
Kven kan søke?
- Private eigarar av faste kulturminne innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Stranda og Norddal
- Private stiftingar, foreiningar/ organisasjonar/ sameige, næringsverksemder, frivillige og liknande
- Kommunar og musea
Kva kan du søke tilskot til?
- Konkrete tiltak for bevaring av bygningar og anlegg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Stranda og Norddal.
- Tilskotet skal dekkje meirkostnader, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø.
- Det vert ikkje gitt tilskot til teknisk standardheving.
Søknadsfrist:
1. november
Korleis søker du:
Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.
Kultur-, næring- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot. Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkjarane.
Søknaden må innehalde:
- Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
- Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
- Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
- Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
- Finansieringsplan
Vilkår for tilskot:
- Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
- Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar på heimesida.
- Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
- Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar.