Tilskotsordninga skal bidra til å støtte private eigarar av freda kulturminne i deira arbeid med å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. Gjennom tilskotet skal freda kulturminne og kulturmiljø setjast i stand som eit grunnlag for ivaretaking av kjeldeverdi, opplevingsverdi, bruk og verdiskaping. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2021, kapittel 1429 post 71.
Private eigarar og forvaltarar av vedtatt freda kulturminne (frå etter 1650), erklært automatisk freda kulturminne (1537-1650), mellombels freda kulturminne eller der fredingssak er under handsaming, kan søke om tilskot.
Tilskotet skal dekkje meirkostnader, heilt eller delvis, i samband med:
Kulturminne som inneber særleg tyngjande vedlikehalds- og istandsettingsoppgåver for eigaren, samt bygg og anlegg der store kulturminneverdiar står i fare for å gå tapt, vert prioritert. Det same gjeld kulturminne som er tilgjengelege for publikum, oppleving og formidling. Det vert ikkje gitt tilskot til teknisk standardheving.
1. november
Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober. Når ordninga er open kan du søke støtte via Digisak, Kulturminneforvaltningas søkarportal. Sjå lenke til Digisak under.
Merk: Digisak fungerer ikkje med Internet Explorer. Vi anbefaler deg å bruke ein anna nettlesar t.d. Edge eller Google Chrome.
Søknaden må innehalde:
Vilkår for tilskot: