Vi gjer oppmerksom på at søknadsportalen skil mellom støtteordningane for tilskot til kulturminne i verdsarvområdet Geirangerfjord-Herdalen og tilskot til kulturminne med regional og høg lokal verdi elles i fylket. Ver nøye med å velje rett ordning.
Kven kan søke?
- Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø
- Private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar kan søke
Kva kan du søke tilskot til?
Ordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, men som enten:
- er listeført i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
- inngår i kommunale kulturminneplanar
- er regulert til bevaring/omsynssone i medhald av plan- og bygningslova
Søknadsfrist:
1. november
Korleis søker du støtte:
Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på sakshandsaminga.
Kultur-, næring- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot. Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkjarane.
Søknaden må innehalde:
- Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
- Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
- Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
- Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
- Finansieringsplan
Vilkår for tilskot:
- Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
- Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar nedst på sida.
- Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
- Tilskotet kan ikkje overstige 50 prosent av budsjettet.