Regionale tilskot til kulturminne og kulturmiljø

Denne tilskotsordninga har som formål å bidra til å vedlikehalde og sette i stand kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verneverdi.

Skriv ut

Vi gjer oppmerksom på at søknadsportalen skil mellom støtteordningane for tilskot til kulturminne i verdsarvområdet Geirangerfjord-Herdalen og tilskot til kulturminne med regional og høg lokal verdi elles i fylket. Ver nøye med å velje rett ordning.

Kven kan søkje?

  • Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø
  • Private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar kan søke

Kva kan du søkje tilskot til?
Ordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, men som enten:

  • er listeført i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturminneplanar
  • er regulert til bevaring/omsynssone i medhald av plan- og bygningslova

Søknadsfrist

1. november

Korleis søkjer du:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søkje støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på sakshandsaminga.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot. Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkjarane.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

  • Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar nedst på sida.
  • Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  • Tilskotet kan ikkje overstige 50 prosent av budsjettet.

Dokumenter

Kontakt