Tilskot til brannsikring av tette trehusområde

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde skal bidra til den nasjonale målsettinga om at «branner med tap av uerstattelige nasjonale kulturverdier ikke forekommer». Målsettinga er at alle dei tette trehusområda skal ha ein brannsikringsplan nyare enn 5 år, og at alle tiltaka i plana skal vere gjennomført. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2021, kapittel 1429 post 73.

Skriv ut

Kven kan søkje?

Tilskot blir gitt til område som er definert som tette trehusområde av kulturhistorisk verdi i Riksantikvarens oversikt, sjå lenke under. Kommunar, samt eigarar av bygningar og anlegg som er omtalt i oversikta kan søke om tilskot. 

Kva kan du søkje tilskot til?

  • Innvendig branndeteksjon
  • Utvendig branndeteksjon
  • Sprinklaranlegg til loft
  • Utvendig brannslangar
  • Bygningsmessige tiltak (isolering/brannskiller på loft o.l.)
  • Utarbeide brannsikringsplan
  • Annet

Prosjekt der det prøves ut nye metodar som har overføringsverdi til andre område vert prioritert.

Det vert normalt ikkje gitt tilskot til:

  • Tiltak som eigar er pålagd å sørge for, som kontrollar og utbetring av elektriske anlegg, piper og eldstader
  • Utstyr for brannvesenet 
  • Brannsikker søppelhandtering

Søknadsfrist:

1. november

Korleis søkjer du:

Du søker støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på sakshandsaminga.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av det aktuelle trehusområdet (oversiktsbilete og detaljbilete) 
  • Rapport med beskriving av problem og utfordringar iht. brannsikkerheit 
  • Beskriving av nødvendige brannsikringstiltak frå brannvernkyndig ekspertise
  • Spesifisert kostnadsoverslag for både brannsikringsplan og konkrete tiltak
  • Finansieringsplan

Vedlegg til søknaden i Regionalforvaltning:

  • Skildring av nødvendige brannsikringstiltak frå brannvernkyndig ekspertise (obligatorisk)
  • Kart og foto av det aktuelle tiltaksområdet – oversiktsbilete og detaljbilete (obligatorisk)
  • Tilbod frå entreprenør/leverandørar med kostnadsoverslag (obligatorisk)
  • Eksisterande brannsikringsplan - inkl. opplysningar om år for utarbeiing og dato for siste revisjon (obligatorisk dersom ei slik plan føreligg)
Tette trehusområdeKommune
InnlandetKristiansund
GripKristiansund
VeiholmenSmøla
SurnadalsøraSurnadal
TodalsøraSurnadal
BudHustadvika
Søre BjørnsundHustadvika
Nordre BjørnsundHustadvika
HellesyltStranda
FrøysatunetStranda
Geiranger sentrumStranda
AlnesGiske
Naustrekke GiskegjerdeGiske
DyrkornFjord
KyrkjegataØrsta
OnaÅlesund
HusøyÅlesund
Molovegen–Brunholmgata (H_350)Ålesund
Trehusbyen på Aspøya østre del (H_350)Ålesund
Trehusbyen på Aspøya vestre del (H_350)Ålesund
Ringgata (H_350)Ålesund
Sorenskriver Bulls gate (H_350)Ålesund
Ysteneset–Vannspringdalen (H_350)Ålesund

 

Dokumenter

Kontakt