Tilskot til freda kulturminne i privat eige

Tilskotsordninga skal bidra til å støtte private eigarar av freda kulturminne i deira arbeid med å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. Gjennom tilskotet skal freda kulturminne og kulturmiljø setjast i stand som eit grunnlag for ivaretaking av kjeldeverdi, opplevingsverdi, bruk og verdiskaping. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2021, kapittel 1429 post 71.

Skriv ut

Kven kan søkje:

Private eigarar og forvaltarar av vedtatt freda kulturminne (frå etter 1650), erklært automatisk freda kulturminne (1537-1650), mellombels freda kulturminne eller der fredingssak er under handsaming, kan søke om tilskot.

Kva kan du søkje tilskot til?
Tilskotet skal dekkje meirkostnader, heilt eller delvis, i samband med:

  • Istandsetting
  • Vedlikehald
  • Antikvarisk sikring
  • Konservering av fast inventar
  • Skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø

Kulturminne som inneber særleg tyngjande vedlikehalds- og istandsettingsoppgåver for eigaren, samt bygg og anlegg der store kulturminneverdiar står i fare for å gå tapt, vert prioritert.  Det same gjeld kulturminne som er tilgjengelege for publikum, oppleving og formidling.  Det vert ikkje gitt tilskot til teknisk standardheving.

Søknadsfrist:

1. november

Korleis søkjer du:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober. Når ordninga er open kan du søkje støtte via Digisak, Kulturminneforvaltningas søkarportal. Sjå lenke til Digisak under.

Merk: Digisak fungerer ikkje med Internet Explorer. Vi anbefaler deg å bruke ein anna nettlesar t.d. Edge eller Google Chrome.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete) 
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket 
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar 
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar 
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

  • Alle tiltak skal skje i samsvar med fredingsvedtaket sine føresegner samt antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå eigen rettleiar.
  • Utførande handverkar skal oppgje formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon.  Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse. Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver.  Sentrale fagpersonar og byggjeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til. 
  • Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar. 

Dokumenter

Kontakt