Tilskot til regionale kulturminne og kulturmiljø

Kulturminna er på linje med andre former for kulturuttrykk ei kjelde til oppleving, forståing av opphav, kunnskap om livsvilkår og grunnlag for identitet. Kulturminne og kulturmiljø er i planverket vårt systematisk rangert i nasjonal, regional og høg lokal verdi.

Skriv ut

Spora etter dei som var her før oss blir i aukande grad borte både frå tette og spreidde bygningsmiljø. Klimaendringane inneber nye utfordringar og har forsterka dette presset mot kulturminna. Det er eit fylkeskommunalt mål at det årlege tapet av kulturminne ikkje skal vere større enn 0,4 prosent.

Ramma er på 1 400 000 kroner.

Søknadsfrist 1. november

Denne tilskotsordninga har som formål å bidra til å vedlikehalde og sette i stand kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verdi. Ordninga skal også legge til rette for berekraftig verdiskaping og bruk.

Bevaring av den tradisjonelle kystkulturen vår er ei nasjonal satsing som også fylkeskommunen følger opp. Av den årlege ramma vil inntil 400 000 kroner bli prioritert til tiltak som bidrar til å halde ved like og sette i stand kulturminne knytt til kystkultur/fiskevær i regionen vår.

  • Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø
  • Private stiftingar, foreiningar/ organisasjonar/ sameige/ frivillige, regionmuseum og kommunar
  • Tilskot til regionmuseum og kommunar kan til saman maksimalt utgjere 25 prosent av tildelingane.

Ordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, men som enten:

  • er listeført i Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturminneplanar
  • er regulert til bevaring/ omsynssone i medhald av plan- og bygningslova

Ordninga gjeld faste kulturminne – ikkje lause gjenstandar og immateriell kulturarv. 

Det kan innvilgast tilskot ned til minimum 25 000 kroner og opp til maksimalt 200 000 kroner.

Støtteordninga opnar for nye søknadar 15. september, i god tid før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din  du bruke søknadsskjema i Regionalforvaltning.

Søknaden skal sendes elektronisk via Regionalforvaltning og innehalde:

  • kartutsnitt der det aktuelle kulturminnet er avmerkt og påført kommunenamn og gards- og bruksnummer
  • skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilde og detaljbilde)
  • tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • spesifisert plan for arbeidet frå restaureringskyndig handverkar og/ eller rådgivar
  • spesifisert og summert overslag over kostnader frå restaureringskyndig handverkar og/ eller rådgivar
  • oversikt over korleis kostnadene skal finansierast

Tilskot blir fordelt etter politisk behandling i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Saka skal behandlast i det første ordinære møte i utvalet etter nyttår, i februar.

  • Alle tiltak skal skje i samsvar med anlegget sin historie.
  • Vedlikehald og istandsetting skal skje så skånsamt som mogleg og etter antikvariske retningslinjer
    • Det skal vere minst mogleg utskifting av originale element og materialar
    • Det skal brukast tradisjonelle materialar, dimensjonar, utføring og teknikkar både ved reparasjon og eventuell utskifting.
    • Det er betre å reparere bygningsdelar framfor å skifte dei ut
    • Det er betre å legge til eit bygningselement eller materiale enn å fjerne.
    • Eigar må stille krav til utførande handverkar/firma sin antikvariske kompetanse samt teknisk og fagleg kvalitet
    • Endringar skal dokumenterast gjennom foto og beskrivingar.
  • Søkar må stå som oppdragsgivar for handverkar/ firma som utfører arbeidet. Viss det blir aktuelt å engasjere andre utførande enn det som går fram av søknaden, må de kontakte fylkeskommunen på førehand slik at vi får høve til å godkjenne handverkaren.
  • Søkar er ansvarleg for at handverkar/utførande firma som skal utføre arbeidet, blir gjort kjende med vilkår og antikvariske retningsliner for fysiske tiltak.
  • Samla offentlege tilskot kan normalt utgjere inntil 70 prosent av prosjektet sitt totalbudsjett. I særlege tilfelle kan søkar få tilskot som går utover dette. Av det offentlege tilskotet, kan fylkeskommunen sitt bidrag maksimalt utgjere 50 prosent av prosjektet sitt totalbudsjett.
Fylkeskommunen kan kontrollere at vilkåra er oppfylt

Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heimla i det statlege bevilgningsreglementet § 10.

Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt
  • Tildelinga gjeld det som er skildra i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Tiltak skal gjennomførast i samsvar med dette.
  • Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake. De må eventuelt søke om omdisponering før iverksetting av tiltaket slik at vi kan gi råd og godkjenne tiltaka som blir iverksett.
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake.
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje, betalast tilbake
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav, blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel.
Rapport og rekneskap
  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført
  • Søkarar som får kompensasjon for meirverdiavgift (mva), skal oppgi beløp eksklusiv mva i søknaden. Dersom dette ikkje blir gjort, skal det som eventuelt er utbetalt for mykje (tilsvarande kompensasjonen) betalast tilbake
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. For tildelingar under 200 000 kroner skal sluttrekneskapen skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen.
  • For tildelingar på 200 000 kroner eller meir er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som bruker kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan. Dokumentasjon frå revisjonsorgan skal leggast ved rapporteringa.
  • Tilskotet blir utbetalt når tiltaka er utført og vi har fått sluttrapport som viser at prosjektet er gjennomført etter retningslinjer og vilkår.
  • De kan be om utbetaling av inntil 75 prosent av tilskotet medan prosjektet er under utføring.

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket etter reglane i lova.

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande.

På byggeplassen for større prosjekt skal det informerast om at du har mottatt tilskot til prosjektet frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Ta kontakt med fylkeskommunen for eventuelt utlån av banner.

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dokumenter

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.