(A) Retningsliner for bruk av regionale utviklingsmidlar i Møre og Romsdal

Regionale utviklingsmidlar er midlar som skal bidra til å nå måla i fylkesplanen  for berekraftfylket Møre og Romsdal 2021-2024 og tilhøyrande strategiar og programsatsingar. Rammene for midlane blir vedteken i økonomiplanen det einskilde år. 

Innretning på tilskotsordningane blir vedteken av Kultur- næring og folkehelseutvalet.

Skriv ut

Følgjande vilkår blir lagt til grunn for vurdering av søknader til tilskotsordningane:

  1. Fylkeskommunedirektøren er delegert mynde til å behandle søknader om tilskot på inntil 500 000 kroner.  Søknader over denne ramma og saker av prinsipiell/stor politisk betydning skal behandlast av Kultur- næring og folkehelseutvalet
  2. Tilskotsordningane skal forvaltast i tråd med gjeldande retningsliner og statsstøtteregelverket innanfor EØS-avtala og ikkje vere i strid med anna EØS lovgiving.
  3. Utlysingane er gjort tilgjengelege både på fylkeskommunen sine nettsider og gjennom regionalforvaltning.no.
  4. Alle tilskot som blir gitt blir gjort offentleg tilgjengeleg gjennom rapportering til Kultur-, næring-, og folkehelseutvalet.
  5. Søkar må opplyse om tidlegare offentleg støtte.
  6. Det vil ikkje bli gitt støtte til arbeid som alt er starta opp.
  7. Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.
  8. Søkjar skal synleggjere at prosjektet tydeleg byggjer opp under FN sine berekraftsmål.
  9. Midlane skal ikkje nyttast til investeringar i statlege, fylkeskommunale eller kommunale lovpålagde oppgåver. Dette gjeld også når private tek over det operative ansvaret for å utføre slike oppgåver på vegne av det offentlege.
  10. Driftskostnader i næringsverksemd eller organisasjonar kan normalt ikkje støttast om det ikkje er ein del av eit definert utviklingsprosjekt. Vedlikehald av aktivitet vert heller ikkje støtta. Vedlikehald er aktivitetar som er naudsynte for å vidareføre eit produkt eller ei teneste på same nivå som i dag.
  11. Støtte til prosjekt kan bli gitt i inntil 3 år. I særskilte tilfelle kan prosjektperioden utvidast til inntil 5 år.
  12. Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.
  13. Støtte kan ikkje gis til organisasjonar som er i økonomiske vanskar.
  14. Kompetanse- og næringsdirektør har høve til å avvise søknader dersom prosjektet ikkje er innanfor gjeldande retningsliner og prioriterte satsingar. Etter at tilskot er gitt må tilskotsmottakar søkje fylkeskommunen dersom dei ynskjer å få gjere større endringar i prosjektet. Kompetanse- og næringsdirektør får fullmakt til å vurdere om slike endringar skal godkjennast.
  15. Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 % av totalbudsjettet til prosjektet (eks. mva). I særskilde tilfelle, som til dømes forstudiar og forprosjekt, kan prosjekt støttast med ein høgare sats. Dette skal grunngjevast særskilt i saksutgreiing.
  16. Reglar for godkjent timesats for eige arbeid følgjer Innovasjon Norge sine til ein kvar tid gjeldande reglar. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.
  17. Prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre. 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.