Covid-19 - Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Denne tilskotsordninga er i hovudsak retta mot utsette bransjar og bedrifter som har lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar som er eller står i fare for å bli permittert, eller som står i fare for å miste læreplassen sin grunna Covid-19. 

Skriv ut

Bedrifter og lærlingar innan fag- og yrkesopplæring har opplevd utfordringar i samband med den pågåande pandemien. Talet på permitterte lærlingar og lærekandidatar har vore høgt, og det er ein risiko for at færre vil få læreplass i 2021.

Kva kan du søke tilskot til?

Tilskotet skal brukast til tiltak retta mot lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som er/står i fare for å bli permittert eller miste læreplassen. Målet med tiltaka skal vere at desse får kome tilbake eller behalde læreplassen sin. Tiltaka skal også bidra til å auke inntaket av lærlingar i 2021. 

Søknaden må innehalde ei beskriving av bedrifta sin situasjon grunna pandemien, og tiltaka må vere godt grunngitt. Søknadar om å dekke reine kostnader til løn, arbeidsklede og verktøy eller tidlegare kostnadar blir ikkje innvilga.

Tiltak som går under tilskotsordninga kan vere:

- Tiltak som bidrar til at lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar får fullført læreløpet i bedrift.

- Tiltak knytt til inntak av lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar. Det kan til dømes vere tilskot for auka inntak av lærlingar (inntil 25 000 kr. pr. lærling), overførte lærlingar frå andre bedrifter (inntil 30 000 kr. pr. lærling) eller tilskot til nye lærebedrifter ved inntak av lærling (inntil 25 000 kr. pr. lærling).
 

Kven kan søke?

Frittståande lærebedrifter og medlemsbedrifter i opplæringskontor kan søke om tilskot.

Søknadsfrist:

Midlane blir tildelt løpande og så langt ramma rekk. Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjere skjønnsmessige vurderingar av søknadane. 

Covid-19 Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Kontakt