Desentralisert ordning for kompetanseutvikling innan yrkesfag (DeKom YF)

Formål: Fylkeskommunen skal i samarbeid med relevante aktørar kartlegge behovet for kompetanseutvikling (etterutdanning) og planlegge utviklingsarbeidet. I ordninga kan målgruppa søke om midler til kompetanseheving.

Skriv ut

Kva kan du søke tilskot til

Du kan til dømes søke om penger til:

  • samlingar
  • faglege kurs, faglig oppdatering, faglege tiltak i skole eller i bedrift
  • hospitering
  • samarbeid om faget yrkesfaglig fordypning (YFF)

Hospitering og fagleg oppdatering

Hospiteringsordninga og tiltak for fagleg oppdatering blir vidareført i desentralisert ordning for yrkesfag.

Hospitering og fagleg oppdatering skal bidra til:

  • at målgruppa får oppdatert si faglege kompetanse innafor eige fagområde
  • å vidareutvikle samarbeidet mellom skole og bedrift
  • at aktørane ser heile opplæringa i skole og bedrift i samanheng

Døme på hospitering og faglig oppdatering:

  • Instruktør i lærebedrift hospiterer i skole for å lære meir om vurderingspraksis og få tips til korleis bli ein betre veileder.
  • Instruktør i lærebedrift og yrkesfaglærar hospiterer hos kvarande for å få forståelse av arbeidskvardagen og bidra til at elevane blir meir førebudd til læretida.
  • Yrkesfaglærer hospiterer i bedrift for å sjå nye maskinar og lagar undervisningopplegg for elevane saman med bedrifta.
  • Yrkesfaglærar hospiterar i bedrift for å utvikle samarbeid om faget Yrkesfagleg fordjuping.
  • Yrkesfaglærar hospiterar i lærebedrift for fagleg oppdatering, lære om nye arbeidsmetodar/teknikkar i faget.

Kven kan søke

  • Lærarar som underviser i programfag på yrkesfag
  • Instruktørar og faglege leiarar i bedrift
  • Prøvenemndsmedlemmer

I tillegg kan lærarar som underviser i fellesfag på yrkesfag og avdelingsleiarar- og rådgivarar for yrkesfaglege utdanningsprogram omfattast av ordninga.

Du kan lese meir om ordninga på heimesidene til Utdanningsdirektoratet

Rapportering

Det må rapporterast på bruken av midlene. Rapportskjema blir sendt ut til alle som mottek midler i ordninga.

Søknadsfrist:

5. mai 2021

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling innan yrkesfag

Prioriteringar og satsingsområde

  • Kompetanseutviklingsbehov som følge av fornyinga av Kunnskapsløftet og nytt læreplanverk 
  • Fagspesifikke kompetansebehov i dei ulike fagområda 
  • Kompetansebehov som går på tvers av fagområde, mellom anna: vurderingspraksis, psykisk helse, kommunikasjon, veilednings- og relasjonskompetanse, og digital kompetanse. 

Satsar og føringar

  • Hospitering bør vere over om lag 5 dagar
  • Tilskotsmottakar får 3000 kr per dag for å gjennomføre hospiteringa 
  • For skoler skal søknaden vere godkjent av skoleleiinga, og sendt inn av avdelingsleiar 
  • Skolar kan sende inn èin søknad per utdanningsprogram der tiltaka er spesifisert 
  • Søknaden må vere fullstendig utfylt med ein beskriving av tiltaket (a) 

 

Set kryss
Set kryss

Kontakt