Ordninga skal støtte opp om utvikling av nye utdanningstilbod som er særleg relevante for å møte kompetansebehovet i arbeidslivet i Møre og Romsdal. Ordninga skal anten kvalifisere prosjekt frå Møre og Romsdal til å nå opp i nasjonale utlysingar om nye utdanningstilbod, eller danne grunnlag for oppretting av nytt tilbod.
Prosjekt som synleggjer kompetansebehov i privat eller offentleg sektor i Møre og Romsdal, og har mål om å utvikle nye utdanningstilbod på fagskole- eller universitets- og høgskulenivå i tråd med desse behova. Forprosjektmidlar kan ikkje nyttast til drift av nye tilbod. Ein kan ikkje søke støtte til marknadsføring eller drift av eksisterande utdanningstilbod.
Fylkeskommunen kan støtte maksimalt 50 prosent av totale kostnadar, inntil 300 000 kroner.
Både utdanningsinstitusjonar (universitet/høgskolar eller fagskolar) og organisasjonar som representerer arbeidslivet, kan søke. Det er ein føresetnad at både utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet er med i prosjektet.
Søknadsfrist: Løpande gjennom året.
Søknaden må vere sendt innan 31.oktober 2021 for behandling i 2021.
Søk via Regionalforvaltning.no.
Støtteordninga heiter 'Forprosjekt nye utdanningstilbod'.