Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal lyser no forprosjektmidlar til kompetanse og samarbeidsprosjekt (KSP-forprosjekt) der målet er å danne grunnlag for større kompetanse og samarbeidsprosjekt med støtte frå Forskingsrådet.
Forskingsorganisasjonar i Møre og Romsdal kan søke om inntil 250 000 kroner i støtte per forprosjekt. Midlane skal brukast til å konkretisere problemstillingar og rigge samarbeidskonsortium for ein hovudprosjektsøknad til Forskningsrådet. Søknaden til RFF Møre og Romsdal skal vise kvifor det er behov for å utvikle ny forskingskompetanse på eit spesifikt område, korleis det kan møte sentrale utfordringar i samfunnet og stimulere til Innovasjon i Møre og Romsdal.
Forprosjektet skal gjennomføre arbeid og aktivitetar som er nødvendig for å vidareutvikle prosjektideen, og avklare viktige føresetnader for at ideen skal kunne realiserast. For eksempel:
Forprosjektstøtta kan ikkje brukast til å utforme eller skrive sjølve hovudprosjektsøknaden.