Ordninga skal bidra til å betre samhandlinga mellom bedrift, kommune og verkemiddelapparatet og gi gründerar/oppstartselskap som rettar seg mot offentleg sektor betre moglegheiter for å lukkast med prosjektidéane og gi offentleg sektor betre løysingar enn det som er tilgjengeleg i dagens marknad. Ordninga skal særleg mobilisere til samarbeid med oppstart selskap, men dette er ikkje eit krav.
Kommunar i Møre og Romsdal.
Prosjekta som får støtte skal bidra til offentleg-privat samarbeid for å løyse utfordringar i kommunal sektor. Prosjekt som bidrar til berekraftige løysingar blir prioritert, og då særleg utfordringar som har utgangspunkt i berekraftkartlegginga som er gjennomført i regionen.
Kommunane må stille med eigeninnsats og må sette av tid og ressursar til utviklingsløpet. Kommunen vil i prosjektet vere utviklingspartner saman med valt leverandør. Tilskotet skal dekke kostnader leverandøren har knytt til utvikling av løysinga i kommunen, inkludert eventuelle kostnader knytt til rådgiving frå inkubatorane.
Kommunen må ha lagt ein plan for gjennomføring av eit utviklingsløp med ei bedrift. Gjennomføringsplanen bør innehalde følgjande fasar:
Dersom det er behov for å unnta samarbeidet for kunngjeringsplikta, må dette skje i tråd med med forskrift om offentlige anskaffingar gjennom FoU-unntaket (§ 2-5).
Leverandørutviklingsprogrammet kan hjelpe kommunen med fasilitering og juridisk hjelp i fase 1-5. Inkubatormiljøa/Framtidslaben i regionen kan bidra i alle fasar frå 1-6. Leverandøren kan bruke tilskotsmidlane til å kjøpe rådgiving frå inkubatormiljøa/Framtidslaben i fase 6. Bruk av inkubatormiljøa i fase 1-5 må kommunen sjølv dekke.
Ordninga er ein pilot etter modell frå blant anna StartOff. Fylkeskommunen ønskjer at ordninga skal bidra til at inkubatormiljøa og Framtidslaben i Ålesund utviklar kompetanse på offentleg – privat samarbeid, som dei kan tilby kommunar og bedrifter i regionen. Det er også mogleg å samarbeide med StartOff om ein ønskjer det.
Prosjekta vert vurdert opp mot følgande kriterium:
Løpande frist
Søk via søkeportalen regionalforvaltning.no
Støtteordninga heiter “Offentleg - privat samarbeid»
Inntil 450 000 kroner per prosjekt