Skaparkraft - Forprosjekt nye utdanningstilbod

 

Berekraftsymbol
Skriv ut

Formål med ordninga

Ordninga skal støtte opp om utvikling av nye utdanningstilbod som er særleg relevante for å møte kompetansebehovet i arbeidslivet i Møre og Romsdal. Ordninga skal anten kvalifisere prosjekt frå Møre og Romsdal til å nå opp i nasjonale utlysingar om nye utdanningstilbod, eller danne grunnlag for oppretting av nytt tilbod.

Kva kan du søke tilskot til?

Støtte til å utvikle nye utdanningstilbod som er relevante for arbeidslivet i Møre og Romsdal. Det er føresetnad om at prosjekt som skal få støtte frå ordninga har eit samarbeid mellom utdanningstilbydarar og arbeidslivet.

Nye utdanningstilbod kan vere innanfor:

  • Universitet og høgskole
  • Høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole)
  • Vidaregåande opplæring

Med nye utdanningstilbod meiner fylkeskommunen både utvikling av nye emne og fag, men også nye måtar å tilby eksisterande utdanningstilbod på som er tilpassa behova i arbeidslivet.

Eksempel på kostnadar som ein kan få støtte til:

  • Kartlegging av kompetansebehov i arbeidslivet, for eksempel behovet i ein bransje/næring/sektor
  • Utgreiing av innhaldet i eit nytt utdanningstilbod
  • Samarbeid mellom utdanningstilbydar og arbeidsliv om utvikling av nye tilbod, til dømes prosjektleiing, møtekostnadar

Forprosjektmidlar kan ikkje nyttast til:

  • Drift av nye tilbod
  • Marknadsføring eller drift av eksisterande utdanningstilbod

Fylkeskommunen kan støtte maksimalt 50 prosent av totale kostnadar, inntil 400 000 kroner

Kven kan søke?

Både representantar frå utdaningstilbydarar (universitet/høgskolar, fagskolar, vidaregåande skular, ressurssenter) og organisasjonar som representerer arbeidslivet, kan søke. Det er ein føresetnad at både utdanningstilbydarar og arbeidslivet er med i prosjektet

Søknadsfrist

Søknadsfrist er løpande gjennomåret. Søknaden må vere sendt innan 15. november for behandling inneverande år. 

Korleis søker du:

Søk via søkeportalen Regionalforvaltning.no

Støtteordninga heiter 'Skaparkraft - Forprosjekt nye utdanningstilbod'.

Kontakt