Skaparkraft - Grøne industrielle løft

Skriv ut

Formål

Ordninga rettar seg mot prosjekt som legg til rette for større satsingar der bedriftene utviklar og tar i bruk grøne, berekraftige løysningar som kan kommersialiserast globalt.

Formålet er å skape løysningar som kan vidareutvikle eksisterande verdikjeder, utvikle nye verdikjeder og skape sirkulære industrielle samspel. Prosjekta skal akselerere omstillinga mot grøne, sirkulære produkt og tenester som bidreg til å nå bærekraftmåla.

Kva kan du søke tilskot til?

Ordninga er retta mot aktørar som i fellesskap kan utvikle prosjekt der forskingsmiljø, klynger, bedrifter, investorar og andre aktuelle aktørar utforskar og identifiserer moglegheiter for nye industrielle løft med eksportpotensial i Møre og Romsdal.

Du kan søke på forprosjekt eller forstudie som legg til rette for framtidige større prosjekt som utløyser nasjonale/internasjonale midlar.

Kven kan søke?

Regionale utviklingsaktørar og forskingsmiljø, som til dømes klynger, bedriftsnettverk, kunnskapsparkar, inkubatorar, næringshagar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar. Konsortier av bedrifter (minimum 3 bedrifter i fellesskap) kan også søke.   

Generelle vilkår

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift  
  • Tilskot blir berre gitt til prosjekt som ikkje blir gjennomført utan støtte 
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan  
  • Søknaden må beskrive kva det industrielle løftet går ut på og korleis prosjektet bidreg til auka berekraftig eksport 
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa 
  • Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 700 kroner per time 
  • Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei siste tre åra 
  • Prosjektet må vise at løysinga er berekraftig og bidrar til grøn omstilling

Korleis søker du?

Søk via søkeportalen Regionalforvaltning.no.  

Støtteordninga heiter "Skaparkraft – Grøne industrielle løft” 

knadsfrist

Løpande behandling

Økonomisk prosjektramme

1 mill. kroner   

Kontakt