Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Denne tilskotsordninga rettar seg mot lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar som er eller står i fare for å bli permittert, eller som står i fare for å miste læreplassen sin. Tiltaket skal bidra til at fleire får ein læreplass i 2021.

Skriv ut

Personar innan fag- og yrkesopplæringen har opplevd utfordringer i forbindelse med den pågåande pandemien. Talet på permitterte lærlingar og lærekandidatar har vore høgt, og det er ein risiko for at færre vil få læreplass i 2021.

Kva kan du søke tilskot til?

Tilskotet skal brukast til tiltak retta mot lærlingar, praksisbrevkandidater og lærekandidater som er/står i fare for å bli permittert eller miste læreplassen. Målet med tiltaka skal vere at desse får kome tilbake eller behalde læreplassen sin. Tiltaka skal også bidra til at fleire får læreplass i 2021. 

Tiltak som går under tilskotsordninga kan mellom anna vere:

- Tiltak som bidrar til at lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar får fullført læreløpet i bedrift.

- Tilskot til hardt ramma lærebedrifter.

- Tiltak knytt til inntak av lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar. Det kan til dømes vere tilskot for auka inntak av lærlingar (inntil 25 000 kr), overførte lærlingar frå andre bedrifter (inntil 30 000 kr) eller tilskot til nye lærebedrifter (inntil 25 000 kr).
 

Kven kan søke?

Lærebedrifter kan søke om tilskotet

Søknadsfrist:

Midlane blir tildelt løpande og så langt ramma rekk. Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjere skjønnsmessige vurderingar av søknadane. 

Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Kontakt