Støtte til breibandutbygging

Skriv ut

Fylkeskommunen kan gi støtte til utbygging av breiband i område der ei utbygging ikkje er kommersielt lønnsam. I Statsbudsjettet 2022 er Møre og Romsdal tildelt ei ramme på 13 222 081 kroner frå Kommunal- og distriktsdepartementet til dette formålet.

Det er kommunane som vel ut område og kan søke om støtte. Utbyggar blir valt etter ein anbudskonkurranse.

Kommunane har fått frist 7. april til å sende inn forslag til område. Deretter vil område bli lagt ut på anbud.

Meir informasjon om støtteordning og søknadsfristar kjem seinare.   

Kontakt