Støtte til tettstadutvikling

 

 

Skriv ut

Formål:

Tettstadprogrammet skal bidra til å utvikle levande og attraktive kommunesentra i Møre og Romsdal. Tettstadprogrammet skal bidra til varige kvalitetar som kjem innbyggjarar, næringsliv og besøkjane til gode.

Ordninga er retta mot alle kommunesentra i fylket, med unntak av Ålesund, Molde og Kristiansund, som er omfatta av eiga bysatsing (Byen som regional motor).

Vilkår for støtte

Kommunen må stille med prosjektleiing, fylkeskommunen bidreg i prosjektutviklinga. Fylkeskommunen kan bidra med inntil 50% finansiering for gjennomføring av kunnskapsgrunnlag (analyser, konkurransar, prosjektleiing, prosjektering). For opparbeiding av fysiske tiltak kan fylkeskommunen bidra med inntil 1/3 i spleiselag med kommune og lokalt næringsliv.

Tiltak må støtte opp om måla i fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal, vere forankra i kommunen sine planar og vere i tråd med statlege retningslinjer og føringar for berekraftig stadutvikling mm.

Kven kan søke:

Alle kommunar i Møre og Romsdal, med unntak av Molde, Ålesund og Kristiansund. Ta kontakt med rådgjevarane våre for å kome i gang.

Privatpersonar eller enkeltbedrifter kan ikkje motta støtte frå Tettstadprogrammet.

Søknadsfrist:

Løpande gjennom året. 

Korleis søker du:

Søk via Regionalforvaltning. Sjå lenke under.

Meir informasjon om saksbehandling, vilkår og regelverk knytt til dei regionale utviklingsmidlane finn du på www.regionalforvaltning.no

Ordninga heiter "regionale utviklingsmidlar for Møre og Romsdal". 

Kontakt