Tilskot til mentor- og traineeordningar for innvandrarar i Møre og Romsdal 2022

Skriv ut

Formål

Formålet med ordninga er å bidra til inkludering av innvandrarar med fagutdanning, eller med høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Tilskotet skal legge til rette for at innvandrarar får brukt si kompetanse på rett plass i arbeidslivet gjennom å skape sitt ege arbeid. Dette skal styrke mangfaldet og bidra til fleire og betre nyetableringar.  

Kva kan det søkast om støtte til?

  • Utvikle og forbetre eksisterande program og virkemiddel for at innvandrarar kan skape sitt eige arbeid
  • Prosjekt der mentor- og trainee-ordningar blir brukt for å kople innvandrarar med gründerambisjonar til etablert næringsliv.    

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett av 500 000 kroner til ordninga i 2022. 

Kven kan søke?

Kommunar, hoppid.no-kontor, næringshagar, kunnskapsparkar, inkubatorar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar.
Prosjekt i samarbeid mellom fleire aktørar blir prioritert

Generelle vilkår

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje prosjekt som allereie har starta.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan.
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 700 kroner per time.
  • Vi gir som regel ikkje støtte for meir enn tre års prosjektperiode
  • Tilskot blir gitt som bagatellmessig støtte 
  • Søkar må opplyse om kva offentleg støtte ein har mottatt siste tre åra

Søknadsfrist

1. oktober 2022. 

Det skal søkast på tilskotsportalen www.regionalforvaltning.no  

Kontakt