Vassmiljøtiltak

Tilskotsordning for vassmiljøtiltak i Møre og Romsdal vassregion.

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune vil styrke det lokale arbeidet for eit betre vassmiljø. Søk om støtte til å gjennomføre tiltak for å betre eller bevare den økologiske tilstanden i bekkar, elver, innsjøar og sjøområde.

Formål:

Møre og Romsdal fylkeskommune vil stimulere til tiltak som betrar miljøtilstanden i vassførekomstane våre.

Vassområdeutval, kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar kan søke støtte til tiltak som bidreg til å nå miljømåla for Møre og Romsdal vassregion.

Vilkår:

Tiltaket må bidra til å følge opp Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2022-2027.

Det kan søkast om støtte til:

  • Tiltak som betrar miljøtilstanden i vassførekomstar
  • Overvaking og kartlegging av miljøtilstand og effekten av tiltak
  • Formidlingsprosjekt som bidreg til å auke kunnskapen om vassforvaltninga og vassmiljø

Tiltak i prioriterte vassførekomstar og tiltak fastsett i tiltaksprogram vil bli prioriterte.

Kven kan søke

Vassområdeutval, kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar

Støttedel:

Inntil 50 prosent finansiering

Søknadsfrist:

Fortløpande

Korleis søke

Søknad ligg i søkeportalen regionalforvaltning.no

Kontakt