Stimuleringsordning for det frivillige kulturlivet

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei stimuleringsordning til det frivillige kulturlivet i Møre og Romsdal i samband med pandemien. Ordninga har ei økonomisk ramme på 1,3 millionar kroner.

Skriv ut

Alle tildelingar vil bli offentleggjort på fylkeskommunen si heimeside.

Formål

Stimuleringsordninga har som formål å hjelpe det frivillige kulturlivet til å gjennomføre aktivitet gjennom den pågåande pandemien samt førebu for gjenopninga av samfunnet.

Kven kan søke?

  • Allmennkulturelle aktørar
  • Idretts-, kunst- og kulturorganisasjonar
  • Regionalt-/fylkesledd av frivillige organisasjonar

Søkar må vere heimehøyrande i Møre og Romsdal og registrert i Brønnøysundregisteret eller Frivilligheitsregisteret.

Kven kan ikkje søke?

  • yrkes-, nærings- og arbeidslivsorganisasjonar, fagforeiningar, studieforbund, burettslag og partipolitiske organisasjonar og interesseorganisasjonar
  • organisasjonar som er under konkursbehandling
  • organisasjonar som er lukka, det vil sei organisasjonar som ikkje er allment opne sjølv om dette hadde vore naturleg
  • verksemd som er organisert av eller har tilknyting til det offentlege ved at stat, fylkeskommune eller kommune gjennom å oppnemne styremedlemmer eller på annan måte kan påverke eller legge føringar for verksemda
  • Institusjonar eller andre som har fått 60 prosent eller meir av sine inntekter frå offentlege tilskot i 2019. Offentlege tilskot er støtte som omfattar tilskot til drift, tilskot til prosjekt eller anna økonomisk støtte frå det offentlege.

Kva kan det søkast tilskot til?

Aktiviteten må bli satt i gang seinast innan 1. oktober 2021 og avslutta innan 31.12.2021.

  • Opne arrangement som konsertar, framsyningar, teater, film, revy
  • Aktivitetar innan friluftsliv og idrett
  • Arrangement som bidrar til aktivitet innan det frivillige kulturlivet og idretten
  • Tilpassing av arrangement på grunn av pandemien
  • Aktivitetane kan vere lokale

Kva kan ikkje få støtte?

  • Infrastruktur som for eksempel idrettsanlegg, turstiar og andre tiltak som kan søke tilskot via spelemiddelordninga. 
  • Det kan ikkje søkast tilskot til ordinær drift.
  • Det kan ikkje søkast tilskot til tiltak som allereie har fått tildeling eller avslag på andre ordningar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Aktivitetar for barn og unge vil bli prioritert.

Søknadsfrist

17. juni kl. 12.00

Krav til søknad

  • Søknad skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
  • Skildring av tiltaket og korleis det skal gjennomførast
  • Kostnadsoverslag/budsjett og framdriftsplan for tiltaket må vere med
  • Dersom det er søkt andre ordningar for prosjektet skal det framkomme i søknaden, samt at søkar må vise korleis søknadane heng saman
  • Søknad skal vere levert innan kl. 12.00 17. juni 2021 

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta tilskot etter ordninga er oppfylt 
  • Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll 

Vilkår for tilskot

Innleigde profesjonelle kunstnarar skal behandlast likt og lønnast etter bransjestandard. Arrangørane må sjå til Creo sine satsar. 

Tilbakebetaling

  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om tilskot, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis blir kravd tilbake. 
  • Dersom det blir utbetalt for mykje tilskot grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt. 

Saksbehandling

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot innan utgangen av juni 2021
  • 75 prosent av innvilga beløp blir utbetalt straks tildeling er gjort
  • Endeleg rapport skal sendast innan 01.12.21
  • Vedtaket kan ikkje påklagast

Kontakt