Stimuleringsordning for kulturarv i reiselivet – Verdiskaping på kulturmiljøområdet

Fylkeskommunen har oppretta ei stimuleringsordning for kulturarvsbasert næring i Møre og Romsdal. Ordninga har ei økonomisk ramme på 1 million kroner, og blir lyst ut som ein del av det regionale verdiskapingsprogrammet «Ein bit av historia». Programmet er støtta av Riksantikvaren.

Skriv ut

Generelt om ordninga

Det er ei målsetting at kulturminne, kulturmiljø og landskap blir tatt i bruk som ein ressurs i samfunnsutviklinga, og at kulturmiljøfeltet får ei tydelegare rolle i lokal og regional utvikling. Dette vil kunne gi langsiktige positive effektar både for kulturmiljø-, lokalsamfunns- og næringsutvikling.

Gjennom denne stimuleringsordninga ønsker ein å bygge opp under at kunst, kultur og kulturarv kan vere sentrale innhaldsleverandørar til anna næringsliv, til dømes kan eit mangfaldig og tilgjengeleg tilbod av kulturarvsopplevingar utvide marknaden og inntektsgrunnlaget reiseliv i Møre og Romsdal.

Alle tildelingar vil bli offentleggjort på fylkeskommunen si heimeside. Ordninga gjeld for verksemder i Møre og Romsdal.

Formål

Ordninga skal stimulere til kulturarvsbasert næring og økonomisk verdiskaping, og samstundes bygge opp under langsiktig ivaretaking og nye former for formidling av kulturminne, kulturmiljø og landskap.

Fylkeskommunen vil prioritere større samarbeidsprosjekt, gjerne pilotprosjekt der resultata kjem fleire aktørar til gode. Vidare at prosjekta støttar opp om strategisk (regionalt eller lokalt) planverk og andre satsingar.

Det er og ønskeleg at prosjekta bidreg til å styrke fylkeskommunen si satsing knytt til historiske ferdselsårer, som til dømes Den Trondhjemske postvei, pilegrimsleier eller kystled.

Det er en føresetnad at prosjekta er i tråd med «Grønt veikart for kunst og kultursektoren».

Kven kan søke?

  • Etablerte næringsverksemder innan reiseliv,- kulturell- og kreativ næring, gjerne i samarbeid med andre nærings- og kulturaktørar.
  • Kompetansesenter, organisasjonar, etablerte nettverk og andre aktørar med regionalt nedslagsfelt for bransjebygging innan reiseliv,- kulturell- og kreativ næring.

Kven kan ikkje søke?

Kommunar, institusjonar eller andre som har fått 60 prosent eller meir av sine inntekter frå offentlege tilskot i 2019. Offentlege tilskot er støtte som omfattar tilskot til drift, tilskot til prosjekt eller anna økonomisk støtte frå det offentlege.

Kva kan det søkast tilskot til?

Arbeidet må bli satt i gang seinast innan 1. oktober 2021, aktiviteten bør vere iverksett innan juni 2022.

  • Utvikling og uttesting av nye og nyskapande kulturarvsopplevingar 
  • Pilotprosjekt eller forprosjekt for å utvikle nye løysingar eller tenester knytt til formidling, distribusjon og sal av kulturarvsopplevingar (pakketering).

Vi kan finansiere inntil 75 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan førast opp med inntil 700 kroner per time. Det er en fordel om prosjektet også mottek støtte frå bedriftsretta støtteordningar eller andre finansieringsordningar.

Søknadsfrist

17. juni kl. 12.00

Krav til søknad

  • Søknad skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
  • Beskriving av tiltaket og korleis det skal gjennomførast
  • Kostnadsoverslag/budsjett for tiltaket framdriftsplan for tiltaket må vere med
  • Dersom det er søkt andre ordningar for prosjektet skal det framkomme i søknaden, samt at søkar må vise korleis søknadane heng saman
  • Søknad skal vere levert innan kl. 12.00 17. juni 2021 

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta tilskot etter ordninga er oppfylt 
  • Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll 

Tilbakebetaling

  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om tilskot, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis blir kravd tilbake. 
  • Dersom det blir utbetalt for mykje tilskot grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt. 

Saksbehandling

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot innan utgangen av juni 2021. 
  • 75 prosent av innvilga beløp vert utbetalt straks tildeling er gjort. 
  • Endeleg rapport skal sendast innan 1.12.21
  • Vedtaket kan ikkje påklagast  

Kontakt