Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere pådrivar for bibliotekutvikling i fylket. Vi lyser no ut tilskot for å generere meir utvikling i folkebiblioteka.
Utlysinga er ei oppfølging av Fagplan bibliotek 2017-2020, og følgjande satsingsområde:
Vi søker inntil fem folkebibliotek som ønsker å sette i gong med utviklingsprosjekt knytt til eit eller fleire av satsingsområda. Fleire bibliotek kan inngå samarbeid om felles søknad og prosjekt på tvers av kommunegrenser. Ramma på støtteordninga er 500 000 kroner, kvart bibliotek kan søke inntil 100 000 kroner.
Folkebiblioteka i Møre og Romsdal.
Vi ønsker søknadar som:
25. april 2022
Du kan søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.
For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.
Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist. Målsetninga er likevel ei raskare saksbehandling.
Fylkeskommunen kan dekke inntil 50% av totalkostnaden i prosjekta. Arbeidstid for kommunalt tilsette kan reknast som eigenandel, inntil 500 kroner timen.
Søknaden må støtte vilkår som elles er satt til søknadar, som til dømes budsjett- og finansieringsplan, rapportering og synleggjering av tilskotsgjevar – slik dette går fram i søknadsportalen regionalforvaltning.
Sjå retningslinjer for ditt tilskot og rettleiar for Regionalforvaltning på https://mrfylke.no/vilkaar-for-kulturtilskot
Tilskotsmottakarar må dele sine erfaringar på komande nettverkssamlingar i regi av fylkeskommunen, anten i Møre og Romsdal eller på nasjonale arenaer om det blir aktuelt.