Tilskot til berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2022

Skriv ut

Formål:

Midlar til berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund kommunar skal bidra til å utvikle inkluderande og trygge byar med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport.

Vilkår for støtte

Kommunane kan gjennom søknad få tilskot på inntil 50% av totalkostnad til tenesteutvikling, kompetanseheving, utgreiingsarbeid (kunnskapsgrunnlag og arkitektkonkurransar) og arrangement som styrker stadattraktiviteten og legg til rette for ei berekraftig utvikling for byregionen. Til opparbeiding av fysiske tiltak kan ein få tilskot på inntil 33% av totalkostnaden.

Sjå meir om vilkår på regionalforvaltning.no og informasjon om ordninga "Berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2022".

Kven kan søke:

Ordninga er open for Kristiansund, Molde og Ålesund kommunar. Kommunane står som ansvarleg søkar på tilskota, men det er ønskeleg med tydelege samarbeidsprosjekt med andre aktørar.

Privatpersonar eller enkeltbedrifter kan ikkje stå som ansvarleg søkar for desse midlane.

Søknadsfrist:

2. mai 2022

Korleis søker du:

Søk via Regionalforvaltning.no og ordninga "Berekraftig byutvikling i Ålesund, Molde og Kristiansund i 2022".

Kontakt