Tilskot til berekraftig tettstadutvikling i Møre og Romsdal i 2022

Skriv ut

Formål:

Midlar til berekraftig tettstadutvikling skal bidra til å utvikle inkluderande og trygge byar- og tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport.

Vilkår for støtte

Kommunane kan få tilskot på inntil 50% av totalkostnaden til utgreiingar og planlegging, mellom anna stadanalyser, arkitektkonkurransar og detaljplanlegging av fysiske tiltak. Til opparbeiding av fysiske tiltak kan ein få tilskot på inntil 33% av totalkostnaden.

Tiltak må støtte opp om måla i fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal, vere forankra i kommunen sine planar og vere i tråd med statlege retningslinjer og føringar for berekraftig stadutvikling mm.

Kven kan søke:

Alle kommunar i Møre og Romsdal er aktuelle for ordninga. Ta kontakt med rådgjevarane våre for å kome i gang.

Privatpersonar eller enkeltbedrifter kan ikkje motta støtte frå denne ordninga.

Søknadsfrist:

2. mai 2022 og 1. oktober 2022

Korleis søker du:

Søk via Regionalforvaltning.no og ordninga "Berekraftig tettstadutvikling i Møre og Romsdal i 2022".

Kontakt