Prosjekttilskot til møteplass datakultur

No kan du søke midlar til å skape inkluderande møteplassar og arenaer for datakultur.  

Skriv ut

Rapporten "Møteplass for datakultur" (2020) omhandlar kva som utgjer ein god møteplass for gaming og datakultur, slik ungdom og ungdomsmedarbeidarar ser det. Målgruppa for rapporten er alle ikkje-kommersielle aktørar som ønsker å legge til rette for møteplassar for dataspelande ungdom. Vi ønsker at søknadane tek inspirasjon frå rapporten. 

Ramma på støtteordninga er 600 000 kroner. 

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).  

Søknadsfrist

2. juni 2023

Formålet med ordninga er å få til meir aktivitet kring datakultur i kommunane og å skape inkluderande møteplassar for datakultur. Målgruppa for prosjekta kan vere barn, ungdom, vaksne og seniorar.

Kommunar i Møre og Romsdal 

  • bibliotek 
  • fritidsklubb 
  • kulturskole 
  • skole 
  • helsetenester 
  • andre kommunale tenester 

Kommunen kan gjerne samarbeide med andre kommunar og/eller eksterne aktørar, men det er ein kommune som må stå som søkar. Organisasjonar og frivillige lag og foreiningar kan søke saman med ein kommune som står som søkar.  

Privatpersonar, enkeltbedrifter og kommersielle aktørar kan ikkje søke på ordninga. 

  • Prosjekt som tek utgangspunkt i rapporten "Møteplass for datakultur" 
  • Prosjekt som brukar det utvida omgrepet av datakultur, der det handlar vel så mykje om å utvikle og produsere, som å spele dataspel 
  • Innkjøp av utstyr til planlagde aktivitetar med målgruppa  
  • Prosjekt som resulterer i ein gratis, open og tilgjengeleg møteplass for målgruppa i prosjektet 

Øvre grense for søknadssum er 150 000 kroner. 

  • Ordinær drift t.d. faste drifts- og lønnsutgifter 
  • Innkjøp av utstyr for administrativ drift 

Støtteordninga opnar for søknader 28.april, 5 veker før søknadsfrist. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning

  • Prosjekt som skaper inkluderande møteplassar for datakultur 
  • Prosjekt som viser til ein god dialog med målgruppa 
  • Prosjekt som har ein klar plan for aktivitet med målgruppa 
  • Prosjekt som er samarbeidsprosjekt mellom ulike einingar i kommunane, samarbeid mellom kommunar og/eller med andre aktørar

Søknaden skal innehalde: 

  • éin hovudsøkar med organisasjonsnummer, på vegne av samarbeidspartnarar 
  • namn på aktørane, kontaktperson og prosjekt 
  • beskriving av prosjektet og korleis det skal gjennomførast 
  • spesifisert målgruppe med ein plan for digital eller fysisk medverknad  
  • budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnads- og finansieringsplan) 
  • framdriftsplan (tidsplan for tiltaket) 

Saksbehandlingstid er inntil fire veker, frå første kvardag etter søknadsfrist. Dersom du treng tilbakemelding på søknadstekst, er vi behjelpelege med å lese utkast og gi rettleiing før søknadsfristen.  

  • Prosjektet må vere gjennomført innan 31.12.2024. 
  • Tildeling kan maksimalt utgjere maks 50 prosent av det totale budsjettet. Dersom rapporten viser at den reviderte rekneskapen er lågare enn budsjettert, blir tilskotet avkorta. 
  • Innleigde profesjonelle utøvarar skal behandlast likt og lønnast etter bransjestandard. Arrangørane må sjå til Creo og Forfattarsentrum sine satsar, eller nasjonale satsar for Den kulturelle skolesekken (DKS). 
  • Eigeninnsats/dugnadsarbeid kan vere ein del av kostnad og finansiering, og kan førast opp med inntil 550 kroner per time (kostnadsoverslag / finansieringsplan). 
  • Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje pliktig til å sjå til at søkar handlar i tråd med Lov om offentleg anskaffelse (LOA) og Forskrift om offentleg anskaffelse (FOA), men vi føresett at søkar set seg inn i reglementet når det er nødvendig. 

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heimla i det statlege bevilgningsreglementet § 10. 

Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt 

  • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake. 
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake. 
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel.  

 Rapport og rekneskap 

  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført. 
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. For tildelingar under 200 000 kroner skal sluttrekneskapen skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen. 
  • Søkarar som får kompensasjon for meirverdiavgift (mva.), skal oppgi beløp eksklusiv mva. i søknaden. Dersom dette ikkje blir gjort skal det som eventuelt er utbetalt for mykje (tilsvarande kompensasjonen) betalast tilbake.

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket. 

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande. 

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

  • Podcast  
  • Streaming  
  • Animasjon  
  • 3D-printing  
  • Gaming  
  • VR  
  • AR  
  • Cosplay  
  • Digital møteplass  
  • Discord  
  • Youtube/Twitch  
  • DnD  
  • Brettspill  
  • Video-redigering  
  • Teknisk utstyr  
  • Filming  
  • Tegning  
  • Dataspill  
  • Lyd  
  • 3D-tegning  
  • Adobe  
  • Musikk  
  • Koding  
  • Spillmaking 
  • Seniorgaming  

 

Dokumenter

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.