Kulturrabatt for ungdom

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer gjennom denne tilskotsordninga å bidra til å leggje til rette for og stimulere til at ungdom busett i Møre og Romsdal i alderen 15–20 år skal få kjennskap til eit bredt kultur- og idrettstilbod til ein lågare pris gjennom å kunne nytte seg av kulturrabatten.

Skriv ut

Frå 2021 vil ordninga Kulturrabatt for ungdom også gjelde utvalde arrangørar/aktørar innanfor idrett.

Kulturrabatt gir ungdom i alderen 15–20 år rabatt på billett hos ulike kultur- og idrettsarrangement og aktivitetar som fylkeskommunen har gitt tilskot til.

Møre og Romsdal fylkeskommune refunderer ein rabatt tilsvarande 25 % per billett. Minimumsprisen på ein billett må vere 100 kroner for å delta i ordninga. For festivalpass refunderast 20 %, inntil 400 kroner. Arrangøren kan i tillegg, på eige initiativ, gje vidare rabatt som arrangøren sjølv tek økonomisk ansvar for.

Rabatten er personleg, og kan ikkje bli brukt til grupper som til dømes skuleklassar. Den som nyttar rabatten skal vise legitimasjon i døra.

Kven kan søke?

Arrangørar av kulturarrangement i Møre og Romsdal.

Det blir vektlagt at tilskota blir fordelt med omsyn til type arrangement og geografi.

Merk at det i 2021 ikkje vert mogleg å søkje om å bli med som arrangørar av idrettsarrangement og aktivitetar i Møre og Romsdal. 2021 vil vere eit år der berre utvalde idrettsarrangørar er med gjennom ei prøveordning.

Kva kan du søke tilskot til?

Alle kulturarrangement der arrangør gir ein rabatt på 25 % eller inntil 400 kroner per billett til ungdom mellom 15–20 år. Det gis ikkje rabatt til sesongkort.

Søknadsfrist

15. januar

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 7. desember, i god tid før søknadsfristen 15. januar. Når ordninga er open kan du søke støtte via søknadsskjema nedst på sida.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på arrangør, kontaktperson, adresse og organisasjonsnummer
  • Kontonummer
  • Type arrangement/aktivitet
  • Billettpris og rabatt på billetten
  • Søknadssum basert på eit estimat av selde billettar for 2021
  • Beskrive korleis du vil marknadsføre Kulturrabatt for ungdom i dykkar drift

Vilkår for tilskot:

Etter at søknaden er behandla, vil arrangøren få skriftleg melding om ein får tildeling eller ikkje. Tildelingsbrevet gir opplysningar om eventuelt tildelt maksimal sum for rabattar som fylkeskommunen refunderer, og vilkår som må vere oppfylte før utbetaling skjer.

Det oppmodast til å gi rabatt gjennom digitalt billettsystem for å nå ut til flest mogleg ungdom.
For arrangørar må det sendast inn spesifisert rapport over selde billettar/rabattar gitt per type arrangement/aktivitet (vedlegg til tildelingsbrev) samt billettpris. For heilårsdrift skal det sendes inn rapportering 1. august og 1. februar. For sesongbasert drift og for enkeltarrangement sendast rapport innan tre veker etter sesongen/arrangementet er avslutta.

Møre og Romsdal fylkeskommune sender informasjonsmateriell på oppmoding. Arrangøren pliktar å synleggjere dette, mellom anna i billettluke og ved annonsering av arrangement. Marknadsføring utover dette er arrangøren sitt ansvar. Arrangøren skal sende inn trykt materiell og/eller vise til nettside saman med refusjonskravet.

Kulturrabatt for ungdom
Dersom fleire typar billetter, oppgje dei forskjellege prisane
25 % eller inntil 400 kroner
Oppgje pris per månad

Kontakt