Lokale kulturbygg

Desentralisert ordning for lokale kulturbygg er delegert til fylkeskommunen frå Kulturdepartementet.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å bidra til å realisera egna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd.

Kven kan søke?

Andelslag (der alle som ønskjer det kan være med), kommunar, stiftingar eller organisasjonar med demokratisk oppbygging kan søke. Vilkår for at ein organisasjon kan stå som søkar, er at kommunen eller fylkeskommunen slår fast at utforming av bygget, vedtekter og driftsplan gjer det til eit allment kulturbygg.

Søkar må vere registrert i Einingsregisteret og tildelt organisasjonsnummer.

For andelslag og stiftingar skal vedtektene førehandsgodkjennast av fylkeskommunen.

Kva kan du søke tilskot til?

Kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Tilskot kan òg bli gitt til etablering av livsnøytrale seremonirom.

Midlane kan nyttast til nybygg, tilbygg/ombygging av eksisterande kulturlokale og kjøp/ombygging av andre lokale til kulturbygg.

Det blir ikkje gitt tilskot til kjøp av grunn, dekking av gjeld eller til utgifter til arbeid utanfor 1 m frå yttergrensa til anlegget.

Søknadsfrist

Send søknad til kommunen innan 15. februar.
Kommunen skal sende godkjent søknad, med vedlagt kommunal prioritering, til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 1. mai.

Korleis søker du støtte?

Når ordninga er open kan du søke støtte via Anleggsregisteret, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Søknaden må innehalde:
Sjå kva informasjon som skal vere inkludert i søknaden i vedlegget nedst på sida.

Vilkår for tilskot:

  1. Lokale kulturhus skal vere opne for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd.
  2. Lokala må være planlagde ut frå definerte behov og bør vere fleksible.
  3. Kulturhusa bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen.
  4. Huseigar utformar sjølv nærare reglar for bruk av huset, innanfor intensjonane i pkt. 1. Huseigar har høve til å forby servering av alkohol i huset.
  5. Oppstår det tvist om bruk av huset, blir tvisten avgjort av kommunestyret eller den kommunestyret delegerer mynde til.
  6. Dersom huset ikkje lenger blir brukt i samsvar med opphaveleg formål, kan det medføre at motteke spelemidlar må tilbakebetalast.

Sjå elles retningsliner nedst på sida.

Dokumenter

Kontakt