Desentralisert ordning for lokale kulturbygg er delegert til fylkeskommunen frå Kulturdepartementet.
Formålet med ordninga er å bidra til å realisera egna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd.
Andelslag (der alle som ønskjer det kan være med), kommunar, stiftingar eller organisasjonar med demokratisk oppbygging kan søke. Vilkår for at ein organisasjon kan stå som søkar, er at kommunen eller fylkeskommunen slår fast at utforming av bygget, vedtekter og driftsplan gjer det til eit allment kulturbygg.
Søkar må vere registrert i Einingsregisteret og tildelt organisasjonsnummer.
For andelslag og stiftingar skal vedtektene førehandsgodkjennast av fylkeskommunen.
Kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Tilskot kan òg bli gitt til etablering av livsnøytrale seremonirom.
Midlane kan nyttast til nybygg, tilbygg/ombygging av eksisterande kulturlokale og kjøp/ombygging av andre lokale til kulturbygg.
Det blir ikkje gitt tilskot til kjøp av grunn, dekking av gjeld eller til utgifter til arbeid utanfor 1 m frå yttergrensa til anlegget.
Send søknad til kommunen innan 15. februar.
Kommunen skal sende godkjent søknad, med vedlagt kommunal prioritering, til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 1. mai.
Når ordninga er open kan du søke støtte via Anleggsregisteret, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.
Søknaden må innehalde:
Sjå kva informasjon som skal vere inkludert i søknaden i vedlegget nedst på sida.
Vilkår for tilskot:
Sjå elles retningsliner nedst på sida.