Kompensasjonsordning for avlyste og utsette arrangement

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei kompensasjonsordning for avlyste og utsette arrangement. Ordninga har ei ramme på 2,5 mill. kroner.   

Alle tildelingar blir offentleggjort på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside. 

NB: Ein kan ikkje søkje om kompensasjon for tapte sponsorinntekt.

Skriv ut

Retningslinjene er endra etter nye nasjonale føringar 30.04.20. Ordninga og retningslinjene vart vedtatt i kultur-, næring og folkehelseutvalet 5. mai 2020, sak KNF-57/20

 

Formål

  • Ordninga er meint å kompensere for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgifter, i tillegg til meirutgifter som følgje av at arrangement må avlysast eller utsetjast som følgje av pålegg eller råd gitt av myndigheitene i samband med COVID-19-utbrotet.  
  • Ordninga gjeld for arrangement som skulle ha vore arrangert i Møre og Romsdal mellom 07. mai til 15.juni 2020.  

Kven kan søke? 

  • Arrangørar innanfor idrett, kultur og frivilligheit i Møre og Romsdal, registrert i Enhetsregisteret eller Frivilligregisteret før 12. mars 2020 

Kva kan ein søke støtte til?  

  • Arrangement som var planlagt arrangert i Møre og Romsdal i perioden 07.05.-15.06.20  
  • Arrangement som ville ha vore ope for allment publikum 
  • Netto tapt billettinntekt og netto tapt deltakaravgift som følgja av at arrangementet vart avlyst eller utsett 
  • Meirutgifter som følgja av at arrangementet vart avlyst eller utsett  
  • Dokumenterte innkjøp av mat og alkoholfri drikke 

Det blir ikkje gitt støtte til:

  • Tapt billettinntekt, deltakaravgift og meirutgifter som har eller kan dekkast av arrangøranes forsikringsordning, avtaler mv. eller offentleg kompensasjon utanfor denne ordninga
  • Kostnadar som er del av ordinær drift 
  • Tapte nettoinntekter på sal av mat og drikke
  • 17 mai-arrangement  
  • Arrangement som blir tilpassa dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjene frå helsemyndigheitene og gjennomført i perioden 07.05.-15.06.20

 Kor mykje kan ein forvente å få?  

  • Samla netto tapte billettinntekter, deltakaravgift og meirutgifter inntil 100 000 kroner, uavhengig av tal søknader som blir godkjent per arrangør
  • Kompensasjonen kan ikkje overstige arrangementet sitt budsjetterte overskot
  • Dette er ei rammestyrt ordning. Dersom den totalt godkjente søknadssummen er over ramma, vil alle godkjente søknadar bli skjønnsmessig avkorta  

 Krav til søknaden

  • Det skal leverast ein søknad per avlyst eller utsett arrangement
  • Søknad om kompensasjon skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
  • Søknad skal vere levert innan utgangen av 15. juni 2020, for arrangement i perioden 07.05.-15.06.20
  • Stadfesting på at søkjar er registrert i Enhetsregisteret eller Frivilligregisteret før 12 mars 2020
  • Oversikt over tildelte offentleg tilskot i 2019 og 2020 
  • Dokumentere tap av inntekter eller meirutgiftene som ein ønskjer kompensert, for eksempel ved å legge fram rekneskap frå samanliknbare arrangement i tidlegare år, avtalar, intensjonsavtalar og annan relevant informasjon som viser kostnadar, inntekter og eventuelt overskot. 
  • Dokumentere budsjetterte inntekter og utgifter for arrangementet før avgjersle om avlysing eller utsetting.   
  • Dokumentere faktiske inntekter og utgifter for arrangementet etter avgjersle om avlysing eller utsetting.  
  • Dokumentere at tapet eller meirutgiftene ikkje kan dekkast på annan måte. Dokumentasjon av meirutgifter kan bl.a. vere kjøpsvilkår eller avtaler for dei varene eller tenestene som ein søkjer kompensert 
  • Opplyse om det er søkt og/eller mottatt anna offentleg eller privat kompensasjon, og beløp. NB! Møre og Romsdal fylkeskommune dreg ikkje tilbake tilskot som er gitt tidlegare til arrangementet. https://mrfylke.no/om-oss/koronaviruset/informasjon-til-kulturfeltet 

NB! Vi gjer merksam på at søknader som ikkje har etterspurt dokumentasjon vedlagt, blir avvist. Dette med bakgrunn i kort saksbehandlingstid og mange søknader.

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta kompensasjon etter ordninga er oppfylt
  • Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysingar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll

Tilbakebetaling

  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om kompensasjon og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje kompensasjon, kan den heilt eller delvis blir kravd tilbake.
  • Dersom det blir utbetalt for mykje kompensasjon grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt

 Kva søknader blir prioritert først?  

  • Arrangørar som har hovudinntekta si via billettsal 
  • Arrangørar som har lite eller ingen offentleg støtte   

Saksbehandling 

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av kompensasjon innan utgangen av juni 2020. 
  • 75 prosent av innvilga beløp vert utbetalt straks tildeling er gjort.
  • Endeleg rapport skal sendast innan 01.09.2020.
  • Vedtaket kan ikkje påklagast  

 

 

Kontakt