Kunstnarstipend - ekstra utlysing

Formål Møre og Romsdal fylkeskommune har satt av 1 million kroner til ei ekstra utlysing av kunstnarstipend hausten 2020. Formålet med ordninga er å sikre økonomien til kunstnarar i Møre og Romsdal og stimulere til produksjon og kunstnarisk aktivitet i fylket.

Skriv ut

Kven kan søke?

Enkeltkunstnar som bur og arbeider i Møre og Romsdal., og kunstnarar med registrert bustadadresse i Møre og Romsdal innan 31. desember året før søknaden blir sendt inn. Kunstnarar som har motteke stipend i ordinær utlysing av kunstnarstipend 2020 kan ikke søke.

Kva skal stipendet gå til?

Stipendet kan gå til kunstnarisk utvikling, prosjekt og ulike produksjonsutgifter (kan ikkje brukast til strømkostnader, husleige eller liknande).

Kva skal søknaden innehalde?  

  • Skildring av prosjektet  
  • Oversikt over utdanning og kunstnarisk produksjon

Vurdering

Stipend blir gitt ut frå ei samla vurdering av kunstnarisk kvalitet og aktivitet.

Stipendbeløp

Det kan bli delt ut stipend opp til 100 000 kroner.

Søknadsfrist

20. september 2020.

Sluttrapport

Alle stipendmottakarar må sende sluttrapport om bruk av midlane innan 1. juni 2021

 

Kunstnarstipend ekstra utlysning

Dokumenter

Kontakt