Tilskot til bevaring og restaurering av kulturminne av regional og høg lokal verdi

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei ordning for tilskot til bevaring og restaurering av kulturminne av regional og høy lokal verdi. Ordninga har ei ramme på 1,6 mill. kroner.   

Alle tildelingar blir offentleggjort på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside. 

Skriv ut

Du kan søke om tilskot no. Ordninga og retningslinjene vart vedtak i kultur-, næring og folkehelseutvalet 5. mai, sak KNF-57/20.

Formål 

Ordninga skal medverke til å sikre, sette i stand og bevare bygningar og anlegg av regional eller høg lokal verneverdi i Møre og Romsdal, etter antikvariske retningslinjer 

Ordninga skal utløyse oppdrag utløyse oppdrag for bygningshandverkarar med fagleg rett kompetanse 

Kven kan søke?

  • Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø
  • Stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, kommunar og museum i Møre og Romsdal

Kva kan du søke støtte til?  

  • Vernetiltak på bygningar og anlegg, som anten er
    • listeført i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
    • inngår i kommunal kulturminneplan
    • er regulert til bevaring/omsynsone i kommunal arealplan
  • Nye tiltak/prosjekt
  • Pågåande prosjekt, kor søknaden gjeld delprosjekt/byggetrinn som elles vil mangle finansiering for vidareføring
  • Tiltak/prosjekt som går til sysselsetting av eksternt kvalifiserte handtverkarar/anna fagpersonell
  • Tiltak/prosjekt som kan starte opp innan 1. august 2020

Det blir ikkje gitt støtte til

  • Kulturminne og kulturmiljø som er freda

Krav til søknaden 

  • Søknaden skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no 
  • Søknaden må innehalde fotodokumentasjon, skildring av tilstand og planlagde tiltak, budsjett- og finansieringsplan, plan for oppstart og gjennomføring 
  • Søkarar må oppgi kven som skal vere utførande handverkar på prosjektet, og gjere greie for den forventa sysselsettingseffekten. Handverkaren/-ane må ha restaureringsfagleg kompetanse. 
  • Oversikt over tildelte offentleg tilskot i 2019 og 2020
  • Dersom søknaden gjeld delprosjekt/byggetrinn i pågåande prosjekt, må søkar dokumentere at tidlegare tildelt tilskot er oppbrukt innan 1. august 2020 eller at nytt tilskot vil gå til sysselsetting av ein eller fleire nye handtverkarar eller andre fagpersonar
  • Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal normalt ikkje overstige 50 prosent. Viss prosjektet blir finansiert med fleire offentlege tilskot, kan desse ikkje utgjere meir enn 70 prosent
  • Angi om tiltaket kan gjennomførast som kompetansehevande tiltak 

Kontroll 

Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta tilskot etter ordninga er oppfylt 

Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysingar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll.

Tilbakebetaling 

  • Det er ein føresetnad at tiltaket blir gjennomført i tråd med aktuelt og gjeldande lovverk. Om ikkje, vil tilskotet bli kravd tilbakebetalt.
  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for stort tilskot, kan tilskotet heilt eller delvis, blir kravd tilbake
  • Dersom det blir utbetalt for mykje kompensasjon grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt 

Saksbehandling 

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot innan 1. juni 2020
  • 75 prosent av innvilga beløp vert utbetalt straks tildeling er gjort. 
  • Vedtaket kan ikkje påklagast

Søknadsfrist: 15. mai 2020

Kontakt