Tilskot til digital formidling av kunst og kultur

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei ordning med utdeling av tilskot til profesjonelle kunstnarar, arrangørar og formidlingsarenaer i Møre og Romsdal, og profesjonelle leverandørar av teknikk,- lys og lydtenester. Ordninga har ei økonomisk ramme på 12 mill. kroner.

Alle tildelingar vil verte offentleggjort på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside.

Skriv ut

Du kan søke om tilskot no. Ordninga og retningslinjene vart vedtak i kultur-, næring og folkehelseutvalet 5. mai, sak KNF-56/20.

Formål

Møre og Romsdal fylkeskommune si ordning med tilskot til digital formidling av kunst og kultur skal:

  • Stimulere til produksjon og formidling av kunst og kultur på nye plattformer i Møre og Romsdal
  • Stimulere til nyproduksjon av digital kunst og kultur
  • Bidra til innovasjon, kreativitet og utforsking innan ulike formidlingsplattformer og publikumsdeltaking
  • Bidra til at kunstnarar og kulturformidlarar kan nå nye marknadar og kundar gjennom digitale løysingar

Kven kan søke?

  • Profesjonelle kunstnarar og kulturformidlarar, kunstgrupper, produsentar, arrangørar, formidlingsarenaer innanfor og på tvers av områda visuell kunst, musikk, scenekunst, film og foto, litteratur og kulturvern. Profesjonelle leverandørar av teknikk,- lys og lydtenester, samt festivalar og historiske spel
  • Folkebibliotek, frivillig verksemd eller amatørverksemd kan søk om tilskot til profesjonelle bidrag i samarbeidsprosjekt mellom profesjonelle og amatørar

Kva kan det søkast tilskot til?

  • Nyproduksjon digital kunst og kultur
  • Tilrettelegging av eksisterande produksjonar for digital plattform
  • Prosjekt som ser på formidlingsverksemd/metodar som er tilpassa koronasituasjonen
  • Tilrettelegging for digital formidling og sal av produksjonar og produkt
  • Live streaming (til dømes av sceneproduksjonar, konsertar, workshops)
  • Prosjekt skal gjennomførast i 2020

Kva kan det ikkje søkast tilskot til?

  • Innkjøp av utstyr
  • Ordinær drift
  • Dekke underskot
  • Kurs, seminar

Andre forventningar

Etter avtale med tilskotsmottakarane:

  • Digitaliserte produksjonar skal vere tilgjengeleg på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside i inntil 2 veker etter ferdigstilling 
  • Digitaliserte produksjonar skal vere tilgjengelege for Møre og Romsdal fylkeskommune i minst 3 månadar etter ferdigstilling 

Krav til søknad 

  • Søknad skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
  • Beskriving av tiltaket og korleis det skal gjennomførast
  • Kostnadsoverslag/budsjett for tiltaket
  • Dersom det er søkt andre ordningar for prosjektet skal det framkomme i søknaden, samt at søkar må vise korleis søknadane heng saman
  • Søknad skal vere levert innan utgangen av 15. mai 2020

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta tilskot etter ordninga er oppfylt
  • Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll

Tilbakebetaling

  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om tilskot, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis blir kravd tilbake.
  • Dersom det blir utbetalt for mykje tilskot grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt.

 Saksbehandling 

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot innan utgangen av juni 2020. 
  • 75 prosent av innvilga beløp vert utbetalt straks tildeling er gjort.
  • Endeleg rapport skal sendast innan 1.12.20
  • Vedtaket kan ikkje påklagast  

Søknadsfrist: 15. mai 2020

Kontakt