Tilskot til fartøyvern

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei ordning for tilskot til fartøyvern. Ordninga har ei ramme på 0,5 mill. kroner.   

Alle tildelingar vil blir offentleggjort på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside. 

Skriv ut

Du kan søke om tilskot no. Ordninga og retningslinjene vart vedtatt i kultur-, næring og folkehelseutvalet 5. mai, sak KNF-57/20

Formål 


•    Ordninga skal medverke til å sikre og sette i stand verneverdige fartøy i Møre og Romsdal som har fått tildelt status som verneverdig eller freda av Riksantikvaren
•    Ordninga skal sikre sysselsetting i bransjar som leverer tenester innan fartøy og fartøyvern 
•    Det er ønskeleg med tett kopling mot arbeidsledige eller personar via NAV, der det er mogleg 

Kven kan søke? 


•    Eigarar og forvaltarar av verneverdige fartøy i Møre og Romsdal. Dette kan vere privatperson, stifting, styre i ei foreining/sameige e.l.
•    Eigarskap og/eller forvaltarskap må vere eldre enn 12. mars 2020 

Kva kan ein søkje støtte til?  


•    Sikring og istandsetjing av fartøy med heimeadresse i Møre og Romsdal, 
•    Nye tiltak/prosjekt 
•    Pågåande prosjekt, kor søknaden gjeld delprosjekt/byggetrinn som elles vil mangle finansiering for vidareføring
•    Tiltak/prosjekt som kan starte opp innan 1. august 2020
•    Tiltak/prosjekt som går til sysselsetting av eksternt kvalifiserte handtverkarar/anna fagpersonell

Krav til søknaden 


•    Søknaden skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
•    Søknaden må innehalde fotodokumentasjon, skildring av tilstand og planlagde tiltak, budsjett- og finaniseringsplan, plan for oppstart og gjennomføring
•    Søkarar må oppgi kven som skal vere utførande handverkar på prosjektet, og gjere greie for den forventa sysselsettingseffekten. Handverkaren/-ane må ha restaureringsfagleg kompetanse. 
•    Oversikt over tildelte offentleg tilskot i 2019 og 2020
•    Dersom søknaden gjeld delprosjekt/byggetrinn i pågåande prosjekt, må søkar dokumentere at tidlegare tildelt tilskot er oppbrukt innan 1. august 2020 eller at nytt tilskot vil gå til sysselsetting av ein eller fleire nye handtverkarar eller andre fagpersonar
•    Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal normalt ikkje overstige 50 prosent. Viss prosjektet blir finansiert med fleire offentlege tilskot, kan desse ikkje utgjere meir enn 70 prosent
•    Angi om tiltaket kan gjennomførast som kompetansehevande tiltak

Kontroll 


•    Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta tilskot etter ordninga er oppfylt 
•    Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysingar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll 

Tilbakebetaling 


•    Det er ein føresetnad at tiltaket vert gjennomført i tråd med aktuelt og gjeldande lovverk. Om ikkje, vil tilskotet bli kravd tilbakebetalt. 
•    Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for stort tilskot, kan tilskotet heilt eller delvis, blir kravd tilbake 
•    Dersom det blir utbetalt for mykje kompensasjon grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt 

Saksbehandling

 
•    Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot innan 1. juni 2020
•    75 prosent av innvilga beløp vert utbetalt straks tildeling er gjort. 
•    Vedtaket kan ikkje påklagast 

Søknadsfrist: 15. mai 2020
 

 

Kontakt