Tilskot til skilting, skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne, historiske vegar og friluftsområde

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei ordning for tilskot til skilting, skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne, historiske vegar og friluftsområde. Ordninga har ei ramme på 1,4 mill. kroner.   

Alle tildelingar blir offentleggjort på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside. 

Skriv ut

Du kan søke om tilskot no. Ordninga og retningslinjene vart vedtak i kultur-, næring og folkehelseutvalet 5. mai, sak KNF-57/20.

Formål

  • Ordninga skal medverke til å sikre, legge til rette for og formidle kulturminne og friluftslivsområde i Møre og Romsdal
  • Ordninga gjeld for skilting, skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne, kulturmiljø, historiske vegar og friluftslivsområde.
  • Ordninga skal stimulerer til sysselsetting, auka lokal næringsverksemd og god helse i befolkninga

Kven kan søke? 

  • Privatpersonar, stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar

Kva kan du søke støtte til?  

  • Opparbeiding av turstiar
  • Tilrettelegging av turmål
  • Informasjon og skiltproduksjon
  • Bygging av toalett og parkeringsplass i forbindelse med friluftslivsområde
  • Skjøtsel, rydding, sikring og tilrettelegging av kulturminne, som oppfyller eit av følgjande krav:
    • vere freda etter kulturminneloven
    • vere listeførte i regional eller kommunal kulturminneplan
    • regulert til bevaring/omsynssone i kommunen sine arealplanar
  • Nye tiltak/prosjekt
  • Pågåande prosjekt, kor søknaden gjeld delprosjekt/byggetrinn som elles vil mangle finansiering for vidareføring
  • Tiltak/prosjekt som går til sysselsetting av eksternt kvalifiserte handtverkarar/anna fagpersonell
  • Tiltak/prosjekt som kan starte opp innan 15. juli 2020

Det blir ikkje gitt støtte til

  • Tiltak i statleg sikra friluftsområde, som har fått løyve frå Miljødirektoratet og/eller fylkeskommunen i 2019 og 2020

Kva for søknader blir prioritert først?  

  • Tiltak som kombinerer tilrettelegging for friluftsliv og formidling av kulturminne
  • Blant friluftslivstiltaka
    • Tiltak i nærleiken av der folk bur og/eller oppheld seg
    • Tiltak i område som er kartlagt og verdsett etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013
    • Tiltak som inngår i ein heilskapleg plan eller strategi
    • Tiltak som bidrar til å skape meir friluftslivsaktivitet

Krav til søknaden

  • Søknaden skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
  • Søknaden må innehalde skildring av tiltaket med eventuelt fotodokumentasjon, budsjett- og finansieringsplan, plan for oppstart og gjennomføring
  • Søkar må dokumentere at tiltaket vil føre til sysselsetting av lokalt næringsliv eller arbeidsledig arbeidskraft
  • Oversikt over tildelte offentleg tilskot til prosjektet/likande prosjekt i 2019 og 2020
  • Dersom søknaden gjeld delprosjekt/byggetrinn i pågåande prosjekt, må søkar dokumentere at tidlegare tildelt tilskot er oppbrukt innan 1. august 2020 eller at nytt tilskot vil gå til sysselsetting av andre fagpersonar
  • Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal normalt ikkje overstige 50 prosent. Viss prosjektet blir finansiert med fleire offentlege tilskot, kan desse ikkje utgjere meir enn 70 prosent

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta tilskot etter ordninga er oppfylt
  • Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysingar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll

Tilbakebetaling

  • Det er ein føresetnad at tiltaket vert gjennomført i tråd med aktuelt og gjeldande lovverk. Om ikkje, vil tilskotet bli kravd tilbakebetalt.
  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for stort tilskot, kan tilskotet heilt eller delvis, blir kravd tilbake
  • Dersom det blir utbetalt for mykje kompensasjon grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt

Saksbehandling 

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot innan 15. juni 2020
  • 75 prosent av innvilga beløp vert utbetalt straks tildeling er gjort.
  • Vedtaket kan ikkje påklagast

Søknadsfrist: 15. mai 2020

Kontakt