Stipend for unge fagarbeidarar i kokk- eller servitørfag

Dette er eit kompetanse- og fagutviklingsstipend for deg som er kokk eller servitør i alderen 19 - 25 år. 

Skriv ut

Formål:

Formålet med stipendet er å gi deg moglegheit til å fordjupe deg i fagfeltet ditt, heve den faglege kompetansen gjennom kurs eller etter- og vidareutdanning. 

Kva kan du bruke stipendet til?

  • Studiekostnad til etterutdanning
  • Deltakarkostnad for å vidareutvikle deg som fagutøvar
  • Kursavgift for å få nødvendig tilleggskompetanse
  • Deltakarutgifter til wokshop/kurs osv.
  • Reise- og oppholdskostnader ved studietur (legg ved program)
  • Anna fagleg fordjuping

Du kan søke om stipend på inntil 40 000 kroner.

Kven kan søke?

  • Kokkar og servitørar mellom 19 og 25 år 
  • Du må minimum ha fagbrev frå restaurant- og matfag
  • Du må bo og arbeide i Møre og Romsdal på søketidspunktet 

Søknadsfrist:

30. september 2019

Korleis søker du:

  • Fyll ut alle felt i søknadsskjemaet under, les også hjelpeteksten
  • Du må legge ved anbefaling frå arbeidsgivaren din

Dette vil vi legge vekt på når vi vurderer søknaden din: 

  • Din eigen motivasjon
  • I kva grad du greier å synleggjere at tiltaket du søker om har verdi for deg som fagperson

Behandling av søknaden:

Søknaden blir behandla av ein komité som består av medlemmar frå delprosjektgruppe Kompetanse i prosjektet "Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal". 

Behandlingstida er ca tre veker etter at søknadsfristen er gått ut.

Dersom du får stipend, må du gjennomføre tiltaka i perioden november 2019 - juni 2020

Stipend for unge fagarbeidarar i kokk- eller servitørfag
Du må vere først i perioden 1994-2000
Last opp fagbrev
Du kan søke inntil 40 000 kroner
Dersom eitt av tiltaka er studietur, workshop eller seminar, må du legge ved programmet.
Her må du laste opp eit anbefalingsbrev frå arbeidsgivaren din.

Kontakt