Tilskot til bedriftsbesøk for restaurant- og matfag i VGS

Tilskotet skal styrke kontakten og samarbeidet mellom skole og næringsliv og auke talet på læreplassar i faget.

Skriv ut

Formål:

Formålet med ordninga er å styrke kontakten og samarbeidet mellom skole og næringsliv, og auke tilgangen til læreplassar for elevar ved restaurant- og matfaglinjene i videregående skolen. Kvar skoleklasse kan søke om tilskot på inntil 25 000 kroner.

Kva kan du søke tilskot til? Kva kan skolen få støtte til?

  • Reisekostnadar til bedriftsbesøk i Møre og Romsdal
  • Bedriftsarrangement ved skolen
  • Promotering og profilering av skolen/klassen eller prosjekt i regi av klassen der formålet er tettere samarbeid med bedrifter

Tilskotet skal nyttast til ekstraordinære tiltak for å knytte fagretninga og næringslivet tettere sammen og skal ikkje erstatte driftsmidlar eller aktivitetar i fagplanen.

Kven kan søke?

Skoleklassar frå restaurant og matfag (RM-fag) i videregåande skole i Møre og Romsdal. NB. Det er den enkelte klassen som søker. 

Søknadsfrist:

30. september 2019

Korleis søker du:

Tips: dersom du treng enkel budsjett-mal, finn du det lengre nede på sida. 

Tilskot til bedriftsbesøk for restaurant- og matfag (RM-fag)
Last opp ei oversikt over kostnadane. Bruk gjerne mal som du finn på denne sida.

Dokumenter

Kontakt