Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for vaksne som er i eit arbeidsforhold.
Ordninga stiller same krav til kompetanse i faget, og krev gjennomføring av eksamenar og fag- og sveineprøve, som for lærlinger og praksiskandidater. Ordninga gjeld alle lærefag.
Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje plikt til å tilby fagbrev på jobb. Ved stor pågang blir søknadar prioritert ut i frå kva kompetanse samfunnet treng.
Dette er ikkje ei ordning den enkelte kan søke på. Bedrifter/opplæringskontor som ønsker å teikne kontrakt må sende søknad til fylkeskommunen.
Neste søknadsperiode er 15. oktober til 15. november 2022
Fristen for å søke er 15. november 2022
Fagbrev på jobb er ei ordning der personar som er i eit arbeidsforhold kan avtale med bedrifta å få opplæring på arbeidsplassen, som fører fram til fagbrev.
Bedrifta/Opplæringskontoret må sende søknad til fylkeskommunen.
Lengda på kontrakten er avhengig av faget, og av kompetansen og praksisen til kandidaten.
Ordninga skal føre fram til fagbrev, og stiller dei same krava til gjennomføring av eksamenar og fag- og sveineprøve som for lærlingar og praksiskandidatar.
Kandidaten må blant anna greie ein tverrfagleg eksamen på Vg3-nivå i lærefaget før oppmelding til fag- eller sveineprøve. Nokre fag krever ein særskilt eksamen i tillegg.
Kontrakten om fagbrev på jobb blir automatisk heva om kandidaten sluttar i bedrifta.
Bedrifta må være godkjend lærebedrift og ha ein godkjend fagleg leiar. Nye lærebedrifter kan søke om godkjenning til fylkeskommunen.
Er bedrifta knytt til eit opplæringskontor, er det opplæringskontoret som skal søke.
Kandidaten må sjølv avklare om arbeidsgivar kan skrive kontrakt om opplæring.
Kandidaten må også skaffe dokumentasjon på relevant kompetanse og praksis. Krava til dokumentasjon samsvarar med krava til praksiskandidatar.
Bedrifter/opplæringskontor som ønsker å teikne kontrakt med kandidatar må sende søknad til fylkeskommunen. Det er fylkeskommunen som avgjer om det skal skrivast kontrakt.
Slik går du fram:
Fylkeskommunen har ikkje plikt til å tilby fagbrev på jobb, og ein kan difor ikkje krevje deltaking i ordninga, sjøl ikkje om kandidaten elles har rett til vidaregåande opplæring.
Du kan lese meir om Fagbrev på jobb på heimesidene til Utdanningsdirektoratet
Søknaden sendast til fylkeskommunen via eDialog
Søknadsskjema vil bli lagt ut her 15. oktober 2022.