Praksiskandidat - fagbrev som vaksen

Dersom du ikkje har formell skolegang, men har lang og allsidig arbeidspraksis i faget, kan du ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidat. Praksiskandidatar går opp til den same fag- eller sveineprøva som lærlingar eller fagbrev på jobb-kandidatar.

På denne sida finn du alt du treng å vite om korleis du kan ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidat. 

  • Du må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal.
  • Du må kunne dokumentere minst 5 års (60 mnd) relevant arbeidserfaring. Enkelte fag krev lenger praksis. Kva som er relevant arbeidserfaring er knytt til kompetansemåla i læreplanen for faget ditt.
  • Du må bestå ein skriftleg programfagseksamen Vg3, som privatist. I enkelte fag er det krav om fleire eksamenar eller sertifikat.
  • Du må kunne det norske fagspråket i det faget du melder deg opp i.
  • Du må ha grunnleggande digitale ferdigheiter.
  • Du må betale prøveavgift før du melder deg opp til fag- og sveineprøve.
  • Du må sjølv skaffe prøvestad og dekke alle utgifter.

Før du kan melde deg til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat, må du dokumentere minst 5 års (60 mnd.) relevant praksis. Enkelte fag krev lengre praksis. 

Kva som er relevant praksis blir vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen til faget. Sjå læreplanane på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

Slik blir praksistida rekna ut: 

  • 100 % stilling i 5 år = 60 mnd / 8700 timar
  • 100% stilling i 1 år = 12 mnd / 1740 timar
  • 80% stilling og over blir rekna som 100%
  • Lågare stillingsbrøk blir rekna om til heiltid

Generelle krav til praksis: 

  • Praksisen bør vere frå eit ordinært tilsettingsforhold
  • Praksisen bør vere frå eit arbeidsfellesskap
  • I enkelte tilfelle kan vi godkjenne praksis frå arbeidstreningstiltak eller arbeid for frivillige organisasjonar
  • Praksis som er opparbeidd på fritida blir unntaksvis godkjent
  • Praksis bør vere minst to månader samanhengande
  • Minst 50 prosent av praksisen bør ikkje vere eldre enn 10 år
  • Vidaregåande opplæring blir godskrive som praksis etter forskrift til opplæringslova §11.10 - 11.14. 
  • Høgare utdanning blir normalt ikkje godskrive som praksis
  • Praksis frå utlandet kan godskrivast, og krava til dokumentasjon er dei same som for norsk praksis
  • Det er ikkje mogleg å få godskriving for meir enn 12 månader i løpet av eitt år
  • Praksis som lærar, ingeniør, formann og arbeidsleiar vil normalt ikkje bli godkjent som praksis

Når du oppfyller krava til praksis, sender du all dokumentasjon på dette samtidig som du melder deg opp til fagprøve. Møre og Romsdal fylkeskommune avgjer om praksisen du dokumenterer kan godkjennast.

Arbeidserfaring som er relevant for faget ditt blir godkjent. For å dokumentere dette, må du skaffe attest frå arbeidsgivar. Attesten må innehalde: 

  • Startdato og ev. sluttdato
  • Stillingsprosent eller antall timar
  • Kva arbeidsoppgåver du har hatt og korleis desse heng saman med kompetansemåla i Vg3 læreplanen for faget

Timelister, lønnsslippar og arbeidsavtalar blir ikkje godkjent som dokumentasjon. Dokumentasjon på tidlegare relevant skolegang med vitnemål frå vidaregåande skole blir godkjent.

Ta kopi av alle arbeidsattestar og vitnemål og lagre desse på datamaskina di. Du skal laste dei opp når du sender oppmelding.

Før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve, må du ha bestått ein teoretisk programfageksamen. Dette er ein skriftleg eksamen som varer i inntil fem timar, og som blir arrangert to gongar i året på ein vidaregåande skole. 

  • Våreksamen: oppmeldingsperiode er mellom 15. januar og 1. februar
  • Hausteksamen: oppmeldingsperiode er mellom 1. september og 15. september

Oppmelding til eksamen og betaling av eksamensavgift skjer i privatistportalen

Her finn du meir informasjon om oppmelding og gjennomføring av eksamen

Du kan øve deg på tidlegare gitte eksamensoppgåver. Nokre av oppgåvene er passordbeskytta. Passordet får du ved å sende ein e-post til: eksamen@mrfylke.no.

Les denne rettleiinga nøye før du sender inn oppmeldinga. 

Når du har bestått teorieksamen og har nok praksis i faget, kan du melde deg opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat. Du kan sende oppmelding når som helst i løpet av året. Slik gjer du det: 

Steg 1 - Betal prøveavgift

  • Betal med Vipps til nr. 757415 - Praksiskandidat prøveavgift
  • Prøveavgifta for første gongs prøve er 1066 kroner
  • Prøveavgift for andre gongs prøve dersom du stryk første gong, er 2138 kroner

Steg 2 - Samle dokumentasjon

Samle attestar og vitnemål og lagre desse på datamaskina di. 

Steg 3 - Fyll ut oppmeldingsskjema og send inn

Bruk skjema for oppmelding til fag- og sveineprøve (pdf). Du må først laste det ned og lagre det på datamaskina di. Send inn oppmeldinga saman med attestar og vitnemål.

Du sender inn ved å bruke funksjonen e-dialog. Dette er ein enkel og sikker måte å sende dokumentasjon på. Du skal ikkje sende skjema og vedlegg som e-post eller som vanleg post. 

Når prøveavgift er betalt og vi har mottatt oppmelding og dokumentasjon frå deg, vil ein saksbehandlar i fylkeskommunen vurdere oppmelding og dokumentasjon. Du vil bli kontakta dersom det er opplysningar som manglar. 

Saksbehandlingstid er 4 - 6 veker. 

Dersom oppmelding og praksis blir godkjend, vil du få brev om dette frå fylkeskommunen. I brevet står det kven du skal ta kontakt med for å avtale tid og stad for gjennomføring av fag- eller sveineprøva. 

Dersom oppmeldinga ikkje blir godkjend, vil du få beskjed frå fylkeskommunen.

Informasjon om gjennomføring av fag- og sveineprøve, tilrettelegging og klageadgang finn du under menypunktet Fag- og sveineprøve

  • Praksis som sjølvstendig næringsdrivande kan bli godkjent dersom bedrifta er registrert i Brønnøysundregisteret og andre med fagleg kompetanse kan dokumentere praksisen

Personar som er tilsette i bedrifter i Møre og Romsdal og som ikkje er folkeregistrert i Noreg, kan melde seg opp til fag- og sveineprøve og få utstedt fag-/sveinebrev i Møre og Romsdal.

Kandidatane har same teori- og praksiskrav som andre praksiskandidatar.

Kandidatane må garantere for prøvekostnadar på 12 000 kroner ved oppmelding. Denne prøveavgifta skal betalast til kontor nr. 4212 07 70300. Merk betalinga med "Prøvekostnad praksiskandidat".

Treng du nytt fag-/sveinebrev, eller vitnemål?

Send ein e-post til dokumentasjon@mrfylke.no med opplysningar om kva du ønsker. Vi sender ut ein faktura etter bestillinga di.

Dersom du ønsker kopi av vitnemål frå vidaregåande skole kan du ta kontakt med skolen direkte.

TypePris
Fagbrev eller sveinebrevKr 500,-
VitnemålKr 500,-

 

Fagbevis i kortformat

Dersom du har fag-/sveinebrev og ønsker eit fagbevis i kortformat, kan du bestille dette sjølv. 

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.