Internasjonalisering i vidaregåande opplæring

For å kunne delta aktivt i eit samfunn prega av auka internasjonal påverknad og større kulturelt mangfald, treng ein internasjonale impulsar, perspektiv og erfaring. Som ein eksportretta region, ønskjer Møre og Romsdal at internasjonalisering vere ein naturlig og integrert del av opplæringa.

Gjennom deltaking i Erasmus+ prosjekt og andre internasjonale aktivitetar vil ein kunne auke kvaliteten i opplæringa, bidra til skoleutvikling og styrke læringsutbytte for elevar og lærlingar. For tilsette vil internasjonale prosjekt gje oppdatert fagkompetanse og inspirasjon til utvikling av nye og innovative arbeidsmetodar. Internasjonalisering vil også kunne bidra til inkludering, auka motivasjon og betre gjennomføring i vidaregåande opplæring. 

Fylkeskommunen har lang og brei erfaring med samarbeid på tvers av landegrenser og er involvert i ei rekke internasjonale prosjekt, program og ordningar. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon!

Møre og Romsdal fylkeskommune har tilbod om å ta heile studiespesialiserande Vg2 i Skottland. Tilbodet er administrert av Haram vidaregåande skole og er ope for elever frå heile fylket.

Les meir her

Møre og Romsdal fylkeskommune har i fleire år leia Erasmus+ mobilitetsprosjekt på vegne av skolar, opplæringskontor og lærebedrifter i fylket. Dette har gitt mange elevar, lærlingar og tilsette verdifull internasjonal kompetanse og erfaring.

Vi vil tilby internasjonale moglegheiter også i den nye programperioda av Erasmus+ (2021-2027). Frå 2022 har vi som mål å vere akkreditert institusjon innanfor fag- og yrkesopplæringa (VET) og leie nye mobilitetsprosjekt på vegne av målgruppene.

Vi ønsker at elever og tilsette innanfor studieførebuande program og fellesfag skal få ta del i internasjonale aktivitetar. Hausten 2020 fekk Møre og Romsdal fylkeskommune innvilga status som akkreditert institusjon innanfor skolesektoren (SCH) i Erasmus+ og leier mobilitetsprosjekt på vegne av aktuelle skolar.

Ei rekke skolar i fylket har høg internasjonal aktivitet og driv prosjekt på eige hand. Både innanfor Erasmus+, EØS-midlane eller andre ordningar. Følgande skolar er akkrediterte institusjonar for mobilitetsprosjekt innan Erasmus+ (2021-2027):

  • Borgund vgs (VET)
  • Haram vgs (SCH)
  • Romsdal vgs (VET)
  • Sykkylven vgs (SCH, VET)
  • Ørsta vgs (VET)
  • Ålesund vgs (VET)

Snarvegar

Kontakt