Ønsker du å skifte karriere, eller treng du bare ei kursendring? Er du ferdig med vidaregåande utdanning og er usikker på kva du skal gjere vidare? Vurderer du å bytte jobb, men er usikker på kva moglegheiter du har?
Ta kontakt med Karriere Møre og Romsdal. Vi tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne i fylket.
Rettleiarane våre held til i Kristiansund, Surnadal, Sunndal, Molde, Åndalsnes, Stranda, Sykkylven, Ørskog, Ålesund og Volda.
I dag har alle unge i utdanning lovfesta rett til yrkes- og utdanningsrettleiing. Gjennom Karriere Møre og Romsdal får også dei som ikkje er elevar i vidaregåande skole tilbod om karriererettleiing.
Gjennom rettleiing kan vi bidra til å auke bevisstheita på kven du er, kva du kan, kva du vil og kva du interesserer deg for.
Rettleiingssamtalane er fortrulege og konfidensielle.