Mobbeombod

Mobbeombodet skal bidra til at barn og elevar får oppfylt rettane sine til trygge og gode miljø i barnehage og grunnskule.

Mobbeombodet er eit lågterskeltilbod det er enkelt å kome i kontakt med.

Mobbeombodet skal støtte og rettleie barn, ungdom og foreldre i vanskelege situasjonar knytt til utrygt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet er uavhengig og talar alltid barn og unge si sak.

Mobbeombodet jobbar også førebyggande og bidreg gjerne med informasjon, kurs og foredrag på ulike område.

All hjelp frå mobbeombodet er gratis, og mobbeombodet har teieplikt. Du kan vere anonym når du tek kontakt.

Hovudoppgåver for mobbeombodet i Møre og Romsdal:

  • Gi støtte, råd og rettleiing til foreldre med barn i barnehage og grunnskule
  • Hjelpe og støtte barn og elevar i barnehage og grunnskule i enkeltsaker og sjå til at rettane deira blir varetekne
  • Skape dialog og bidra til god tverrfagleg oppfølging etter at saker er handtert.
  • Arbeide førebyggande med informasjon og opplæring til barn, elevar, foreldre og andre
  • Samarbeide med sentrale aktørar i arbeidet for trygge og gode barnehage- og skulemiljø
  • Bidra til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt

Kva kan mobbeombodet hjelpe deg med?

Du skal ha det trygt og godt på skulen! Mobbeombodet veit kva rettar du har og kva som er lurt å gjere om du eller nokon du kjenner ikkje har det bra på skulen.

Mobbeombodet:

  • svarar på spørsmål som handlar om skulemiljø og mobbing
  • svarar på spørsmål om kva for rettar du har
  • gir råd om kva du kan gjere vidare
  • kan hjelpe deg med å snakke med rektor eller andre på skulen om du vil det
  • kan snakke med rektor om saka di
  • kan stille opp i møter saman med deg
  • gi deg informasjon om kor du kan få hjelp om vi ikkje kan hjelpe deg

All hjelp frå oss er gratis og vi har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje seier noko vidare utan at du vil det. Du kan vere anonym og treng ikkje å fortelje oss namnet ditt eller kva skule du går på når du tar kontakt med oss.

Barnehagen skal møte barna sine behov for omsorg, tryggleik, tilhøyrsle og anerkjenning og sikre at barna får ta del i og medverke i fellesskapet. Barnehagen skal fremje vennskap og fellesskap.

Mobbing i barnehagen kan skje på mange måtar. Det kan vere handlingar frå vaksne eller andre barn som gjer at barnet ikkje føler at det høyrer til eller er ein viktig del av fellesskapet. Små barn kan dytte, bite og slå. Dette er ein del av utviklinga til barn og er ikkje nødvendigvis mobbing. Men dersom barnet ditt gong på gong blir plaga eller erta, bør du ta  opp dette med barnehagen.

Personalet skal:

  • forebygge, stoppe og følgje opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster
  • bidra til at alle kan få leke med andre, oppleve vennskap og lære å halde på vennar

Om barnet ditt ikkje kjenner seg trygg og som ein del av fellesskapet, må du melde frå til barnehagen. Du finn god informasjon om barn sine rettar, kva du skal sjå etter og kva du kan gjere på nettsida www.nullmobbing.no

Mobbeombodet kjenner barn sine rettar og kan fortelje deg korleis du skal gå fram om barnet ikkje har det trygt og godt i barnehagen. Det treng ikkje å vere mobbing før du kan ta kontakt med oss.

Mobbeombodet:

  • svarar på spørsmål om barnehagemiljø og mobbing
  • svarar på spørsmål om barn sine rettar knytt til barnehagemiljø
  • tar imot informasjon om barnet ditt sine opplevingar i barnehagen
  • gir støtte, råd og rettleiing i saker
  • informerer om framgangsmåte ved melding til barnehagen eller til barnehagemynde
  • kan hjelpe deg med å melde saken til barnehagen, barnehageeigar, barnehagemynde eller eventuelt til Fylkesmannen
  • kan ta kontakt med styrar og/eller barnehageeigar for å diskutere saka di om du ønskjer det
  • kan i nokre saker stille i møte med barnehagen saman med deg for å få svar på spørsmål som du har
  • kan bidra til dialog når samarbeidet mellom heim og barnehage er vanskeleg
  • gir deg informasjon om kor du kan vende deg om vi ikkje kan hjelpe deg
  • kan bidra i førebyggande arbeid med informasjon og opplæring til foreldre, tilsette og andre
  • snakkar alltid barn og unge si sak, passar på at barnet si stemme kjem fram og at kva som er best for barnet ligg til grunn i handtering av saker

All hjelp frå mobbeombodet er gratis og vi har teieplikt. Du kan vere anonym når du tar kontakt med oss.

 

 

Opplæringslova slår fast at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Om barnet ditt ikkje opplever å ha eit trygt og godt skulemiljø og/eller ikkje opplever å høyre til i fellesskapet, må du ta kontakt med skulen. Det må ikkje vere mobbing for at du kan melde ifrå. Uavhengig av kva som er årsaka til at barnet ditt ikkje trivst, skal dei vaksne på skulen hjelpe barnet ditt til å få det betre. Skulen har aktivitetsplikt.  

Det treng heller ikkje vere mobbing for at du kan ta kontakt med mobbeombodet.

Mobbeombodet kjenner barn og unge sine rettar og kan rettleie deg om korleis du skal gå fram om barnet ditt eller eit anna barn ikkje har det bra på skulen, eller om klassemiljøet er utrygt.

Mobbeombodet:

  • svarar på spørsmål om psykososialt skolemiljø og mobbing
  • svarar på spørsmål om barnet ditt sine rettar knytt til trygt og godt skulemiljø
  • tar imot informasjon om barnet ditt sine opplevingar i skulen
  • gir støtte, råd og rettleiing i saker om utrygt skulemiljø
  • informerer om framgangsmåte ved melding om utrygt skulemiljø til skulen eller til Fylkesmannen og ev. hjelper deg med å melde
  • kan etter samtykke frå deg ta kontakt med rektor og/eller skuleeigar for å diskutere saka
  • kan i nokre saker stille i møte med skulen og andre saman med deg for å få svar på spørsmål som du har
  • kan bidra til dialog når samarbeidet mellom heim og skule er vanskeleg
  • gir deg informasjon om kor du kan vende deg om vi ikkje kan hjelpe deg
  • kan bidra i førebyggande arbeid med informasjon og opplæring til foreldre, tilsette og andre
  • snakkar alltid barn og unge si sak, passar på at barnet si stemme kjem fram og at kva som er best for barnet ligg til grunn i handtering av saker.

All hjelp frå mobbeombodet er gratis og vi har teieplikt. Du kan vere anonym når du tar kontakt med oss. 

 

Kva kan mobbeombodet hjelpe deg med?

Mobbeombodet er tilgjengeleg for alle som ønskjer hjelp eller rettleiing i ei sak som handlar om skule- eller barnehagemiljø.

Mobbeombodet er fyrst og fremst tilgjengeleg for barn, unge og foreldre, men lærarar, skuleleiarar, styrarar, barnehagelærarar, skulehelseteneste og andre som arbeider med barn og unge er også velkomne til å drøfte saker (anonymt) med mobbeombodet.

Mobbeombodet:

  • svarar på spørsmål om psykososialt miljø og mobbing
  • svarar på spørsmål om barn og unge sine rettar knytt til barnehage- og skulemiljø
  • kan vere ein sparringspartnar og nokon «å tenkje høgt med»
  • gir råd og rettleiing i saker
  • kan i nokre saker stille i møte
  • gir dykk informasjon om lov og regelverk, verktøy og tips til handtering
  • kan stille med innlegg og workshop på planleggingsdagar, personalmøte, foreldremøte etc.

All hjelp frå mobbeombodet er gratis og vi har teieplikt.

Mobbeombodet er tilgjengeleg for alle som ønskjer hjelp eller rettleiing i ei sak som handlar om skule- eller barnehagemiljø.

Mobbeombodet er fyrst og fremst tilgjengeleg for barn, unge og foreldre, men andre som også arbeider med barn, unge og saker om barnehage- og skulemiljø - barnehageeigar/- myndigheit, skuleeigar, PP-tenesta, skulehelsetenesta og andre – er også velkomne til å drøfte saker (anonymt) med mobbeombodet.

Mobbeombodet:

  • svarar på spørsmål om psykososialt miljø og mobbing
  • svarar på spørsmål om barn og unge sine rettar knytt til barnehage- og skulemiljø
  • kan vere ein sparringspartnar og nokon «å tenkje høgt med»
  • gir råd og rettleiing i saker
  • kan i nokre saker stille i møte
  • gir dykk informasjon om lov og regelverk, verktøy og tips til handtering
  • kan stille med innlegg og workshop på planleggingsdagar, personalmøte, foreldremøte etc.

All hjelp frå mobbeombodet er gratis og vi har teieplikt.

 

Ta kontakt

Du kan ta kontakt med mobbeombodet via ulike kanalar.

Vi vil helst snakke med deg, då unngår vi å sende sensitiv informasjon på e-post eller via sosiale medium. Om du ønsker det, så kan du også møte oss på fylkeshuset i Molde. 

Kristin Øksenvåg
E-post:mobbeombodet@mrfylke.no
Kontor:71 28 04 33
Mobil:911 40 259
Facebook/messenger: facebook.com/mobbeombetmr

 

Mobbeombodet tek vare på personvernet ditt

Vi treng ikkje å vete kven du er eller kva barnehage/skule det gjeld. Du kan velge om du vil vere anonym eller ikkje når du er i kontakt med oss. VI må lagre nokre opplysningar sjølv om du vil vere anonym. Det kan vere: dato du tok kontakt, korleis du tok kontakt (til dømes SMS), kven som tok kontakt (du sjølv/ein ven/far/mor/lærar etc.), stikkord om kva det handlar om (til dømes utfrysning). Ingen av opplysningane vi lagrar kan identifisere deg om du vil vere anonym. 

Om det ikkje er viktig for deg å vere anonym, lagrar vi i tillegg namn og kontaktinformasjon. Det er for å kunne følgje deg opp om du ønsker det, eller for å finne tilbake til deg, slik at du får eit betre tilbod om du tek kontakt med oss fleire gonger. 

Vi gir ikkje ut opplysningar om deg til andre.

Rapportering og oversikt

Vi rapporterer årleg til politikarane i Møre og Romsdal. Då fortel vi kor mange førespurnader vi har fått i løpet av skuleåret som gjekk. Vi fortel kva type førespurnadar vi får og om det gjeld gutar, jenter, barnehage, ungdomsskole osv. Vi fortel også om noko av det barn og unge opplev når vi held føredrag. Dette er sjølvsagt anonymisert. 

 

 

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.