Russetida – skulen må ta meir ansvar

Kronikk av Anita Alnes Solevåg elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal:

Skriv ut

«Chickelacke, chickelacke, show, show, show!» Ja visst kan russetida vere show. For mange er den ei fantastisk feiring av 13 års skulegong saman med vener. Men for stadig fleire handlar denne tida om utanforskap. Aldri er flokkmentaliteten synlegare og tydelegare enn når dei raud- og blåkledde fyller gatene på maidagar. Nettopp derfor er det også ekstra vondt for dei som opplever å vere ekskludert frå dette. Tradisjonen tru vert russetida definert som fritid og noko som ikkje angår skulen. Men opplæringslova er skjerpa og seier klårt at elevar har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Dette får konsekvensar for skulane og skuleeigaren - dei må ta eit større ansvar for russetida.

Eg unner ungdommane ei god russetid. Som mobbeombod for elevar i vidaregåande opplæring må eg derfor seie frå når eg høyrer om mange som opplever utrygge skulemiljø på grunn av den. Vaksne som jobbar med ungdom her i fylket, fortel om stadig fleire som kjenner seg utanfor. Tal frå Elevundersøkinga i Møre og Romsdal viser dessutan ei auke i mobbetala i overgongen mellom vg1 og vg2, og eg set desse mellom anna i samanheng med russetidplanlegginga. Den byrjar allereie i 1.klasse, ofte sett i gang av kommersielle aktørar som vil selge russeprodukt. Russegrupper vert oppretta tidlig. Og vert du ikkje inkludert då, kan dei to neste åra verte smertefulle. Nokre av ungdommane som kjenner seg utestengt på grunn av planlegging av russetida, seier dei ønsker å slutte på skulen.

92,8 prosent av alle ungdommar i Noreg mellom 16 og 18 år går i vidaregåande opplæring. Dette gjer skulen til ein særs viktig sosial arena. Å høyre til i denne fellesskapen av jamaldringar, er avgjerande. I russetida vert det ekstra synleg om ein ikkje er inkludert. Utanforskap aukar risikoen for psykiske helseutfordringar, redusert læringsutbyte og negativ utvikling. Å verte utestengt av medelevar kan vere som følgje av kampen om sosiale posisjonar. Dette skjer på skjulte og subtile måtar. Ekskluderingsmekanismar som baksnakking, ryktespreiing, latterleggjering, usynleggjering ser ein ofte når nokon vert utestengt frå fellesskapen. Maktubalansen som oppstår gjennom desse mekanismane, er mobbing. Sjølvsagt påverkar dette læringsmiljøet.

Dessverre har skulen lange tradisjonar for å seie at russetida er elevane si fritid. Likevel får ungdommane aksept for å drive med russeaktivitetar i skuletida. Skulen vert gjennom ei utydeleg, nærast usynleg, rolle med på legitimere at elevar vert utestengt. Det er eit paradoks, at andre offentlege aktørar som til dømes politiet, helsevesenet og biltilsynet og frivillige organisasjonar som Raudekrossen engasjerer seg for å gi ungdommane ei trygg og god russetid.

Hausten 2017 vart kap.9A i opplæringslova skjerpa. Den seier at alle elevar har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Dette inneber at elevar har rett til ein skulekvardag fri for krenkingar og eit skulemiljø som skal fremje helsa, trivselen og læringa til den einskilde. Skulen skal oppfylle denne retten ved å ha nulltoleranse mot mobbing, vald, diskriminering, trakassering og andre krenkingar. Han skal arbeide aktivt og systematisk for eit inkluderande læringsmiljø. Dersom ein elev opplever læringsmiljøet som utrygt, pliktar skulen å handle. Dette gjeld også om fritida påverkar læringsmiljøet.

I følgje rundskriv 3-2017 om skulemiljø frå Utdanningsdirektoratet heiter det: «Kap. 9A gjelder i utgangspunktet ikke på fritiden, men hvis eleven opplever noe på fritiden som gjør at de ikke har det trygt og godt på skolen, så må skolen likevel handle i henhold til aktivitetsplikten frem til eleven har det trygt og godt på skolen igjen.» Så når mange elevar opplever utrygge skulemiljø som følgje av russetidplanlegginga, kan altså ikkje skuleeigar og skulane velje dette bort lenger. Dei må vere ein aktiv part i planlegginga av russetida for å sikre elevane sine rett til eit trygt og godt skulemiljø. I tillegg har skulen og skuleeigar eit særleg ansvar for å ta vare på sårbare elevar. Dette vert også presisert i kap.9A.

Som følgje av denne skjerpinga i opplæringslova går no stadig fleire fylkeskommunar ut og åtvarar mot gjengkultur og klikkdanning. Dette er nært knytt til russebussar og russebilar. Med ryggdekning i same lova har både Hordaland, Rogaland og Østfold fylkeskommune sett i verk fleire tiltak for ei inkluderande russetid. Eg støttar fylkesrådmannen i Østfold fylkeskommune si innstilling om at russefeiringa har såpass innverknad på skulekvardagen at det kan vere nødvendig at skulane og skuleeigar tek enkelte grep for å sikre at feiringa er positiv, god og mobbefri for alle.

Det er på høg tid at skuleeigar, altså Møre og Romsdal fylkeskommune, løftar problemstillinga opp og fram også her i fylket. Eg etterlyser eit heilskapleg arbeid for ei russetid for alle. Klåre retningsliner for skulane og systematiske tiltak må på plass.

Det skal seiast at nokre av skulane gjer mykje for elevane. Mellom anna har Atlanten videregående skole teke initiativ til ein felles logo på genserar for russen. Dette er eit enkelt tiltak for å gi alle ei kjensle av å høyre til. Likevel tenkjer eg det er for få skular som til dømes arrangerer foreldremøte om russetida. Sjølv om elevane har fylt 18 år når russetida byrjar, har skulen likevel eit ansvar for samarbeidet mellom heim og skule. Foreldre treng også å verte involvert i russetida.

Føremålet mitt er å setje fokus på Møre og Romsdal fylkeskommune sitt ansvar. Utfordringane er for omfattande til at skuleeigar kan skyve ansvaret for dette ned på den einskilde rektor og skule. Alle elevar i Møre og Romsdal må få det same tilbodet av førebyggjande tiltak. I Østfold fylkeskommune er det sett av 400.000 kroner for at alle skal oppleve ei mobbefri russetid. Kan Møre og Romsdal gjere det same?

Eg ønsker at alle avgangselevar i vidaregåande skule i Møre og Romsdal skal få ei russetid der dei opplever fellesskapen. Ikkje utanforskapen.

Kjelder: Opplæringslova, Elevundersøkinga, saksframlegg for Fylkestinget i Østfold.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.