Statusrapport frå studentombodet
Frå 1. august 2019 blei ordninga med studentombod for fagskolen lovfesta, og studentombodet leverte ein statusrapport om ordninga til fagskolestyret 24.09.20 (FAG - 20/20).
Her finn du statusrapporten til studentombodet
Studentombodet er godt i gang med arbeidet med å gjere ordninga kjent for nye og gamle studentar ved fagskolen i Ålesund og i Kristiansund, og har etablert eit samarbeid med studentråda ved fagskolane. Fagskolane er inn i ein omfattande samanslåingsprosess som er viktig i tida framover. Ombodet er oppteke av at både studentombodet og studentråda blir gitt reel moglegheit til å medverke i relevante prosessar i KS-arbeidet og i samanslåinga av dei to fagskolane. Det er spesielt viktig korleis studentorgana ved skolane er tenkt organisert når dei to skolane skal slås saman.
Fagskolestyret vedtok også på møtet eit mandat for studentombodet (FAG - 14/20).
Meir informasjon om ordninga og mandatet til studentombodet.